I vedtektene heiter det mellom anna:
§ 3: Formål
Selskapet skal utvikle og selje tenester innanfor tradisjonell og nyskapande verksemd innanfor folkemusikk og folkedans. Selskapet kan ha tenester innanfor arrangements- og produktutvikling, bransje- og profesjonsutvikling og ferdigheitsutvikling samt innanfor utvikling og gjennomføring av ein kvar aktivitet som står i naturleg samanheng med dette. Selskapet skal yte profesjonelle tenester på forretningsmessig grunnlag til Stiftinga Hilmar Alexandersen og dei partane som denne stiftinga samarbeider med.
Styret
Det nye AS-et har tre styremedlemmer, styreleiar i Stiftinga Hilmar Alexandersen er også styreleiar i det nye AS-et, i tillegg sit også nestleiaren i styret i Stiftinga Hilmar Alexandersen i styret i det nye AS-et. Den tredje er valt på fritt grunnlag.
Erik Bartnes (Styreleiar)
Anne Haga
Terje Tranås
Dagleg leiar:
Johan Einar Bjerkem
+47 928 40 553
johan.einar@bjerkem.com
Prosjektleiar:
Tove Rohde
+47 915 51 746
tove@hilmarfestivalen.no
Adressa er:
Jakob Weidemannsgate 9
7713 Steinkjer

