Midtnorsk kompetansenettverk for rytmisk musikk.
Stiftinga Hilmar Alexandersen har gått saman med Rock City Namsos, Midtnorsk jazzsenter, Foreningen Tempo og Molde Internasjonale Jazzfestival om å danne Midtnorsk kompetansenettverk for rytmisk musikk (MINK).
Frå og med 15. mars 2011 er Stiftinga Hilmar Alexandersen prosjektleiar for MINK i eitt år framover.
I samarbeidsavtalen står det at MINK skal
- vere pådrivar for utvikling og styrking av det rytmiske musikkfeltet i Midtnoreg
- utveksle erfaring og kompetanse på tvers av sjangergrenser
- skape arenaer for samhandling og kompetanseoverføring.
MINK er støtta av Norsk Kulturråd, Namos kommune, Steinkjer kommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Trondheim kommune og Sør-Trøndelag Fylkeskommune.

