Nordlek i Steinkjer 10 – 15. juli 2012
NORDLEK er eit av dei største folkedansarrangementa i Norden med 2 – 4000 tilreisande over 6 dagar. NORDLEK blir arrangert kvart 3. år og går på omgang mellom dei nordiske landa. I 2009 var festivalen i Lahtis i Finland. I 2006 vart NORDLEK arrangert i Göteborg og i 2003 i Vejle i Danmark.
Sist gong det var i Noreg var i 2000 og da var Stavanger arrangør, i 1988 var det i Bergen og i 1976 i Trondheim. Det er derfor ei fjør i hatten for oss på Steinkjer når vi er tildelt NORDLEK i 2012.
Dei formelle eigarane av NORDLEK-stemnet er organisasjonen NORDLEK som består av 21 landsdekkande organisasjonar frå heile Norden. I Noreg er Noregs Ungdomslag einaste avtalepart – og såleis den som ”eig” NORDLEK-stemnet i Noreg
Stiftinga Hilmar Alexandersen er praktisk arrangør av Nordlek 2012, som blir arrangert i veke 28 – 10. – 15. juli 2012.
Les meir på heimesidene til NORDLEK2012 på www.nordlek.no

