Hanna Paulsberg Concept – Kolvereid Kulturhus

30. september 2019

20:00 - 21:30

Kolvereid

Idrettsvegen 1, Kolvereid, Norge

Kjøp billetter

Hanna Paulsberg Concept vart danna våren 2010, sterkt inspirert av Wayne Shorter Quartet sitt energiske og melodiske samspel. Etter kvart har bandet gjennom Paulsberg sine originalkomposisjoner utvikla sitt eige uttrykk, der leik og sterke melodiar står i sentrum. Kvartetten består av fire unge musikarar frå ulike stader i Skandinavia som fann saman på jazzlinja i Trondheim gjennom en felles kjærleik for vakre melodiar, opne improvisasjonar og sydande jazz. I september 2011 vann bandet den prestisjefylte konkurransen Young Nordic Jazz.

Med sin siste plate «Eastern Smiles» fra 2016 fekk bandet mykje velfortjent merksemd, også utanfor Noreg. Her fekk vi høyre ein samspelt kvartett som våga å ta store musikalske sjansar for å føre musikken sin til nye stader. Sart, eksplosivt, vakkert og levande. No er Hanna Paulsberg Concept snart aktuelle med ny musikk.

Denne kvelden får du servert noe av det absolutt beste skandinavisk jazz har å by på for tida.

Kjøp billetter