Duke Ellington Sacred Concert

8. november 2022

20:00 - 21:15

Steinkjer Kirke

Steinkjer kirke, Kongens Gate, Steinkjer, Norge

Steinkjer Kammerkor og Gladolius Storband står for denne storslåtte konserten, med Heidi Skjerve som solist!

SACRED CONCERTS

Duke Ellingtons Concert of Sacred Music er ikkje ei jazz-messe, ikkje eit fasttømra verk med bibelsk tekst. Det er ulike samlingar av religiøs musikk med og utan tekst, komponert av Ellington. Den første versjonen tinga presten i Grace Cathedral i San Fransisco for å feire  at den nye kjerka var eitt år gammal. Duke Ellingtons orkester  framførde den 16. september 1965. Det mest berømte nummeret i denne versjonen, «Come Sunday»,  hadde Ellington likevel komponert mykje tidlegare, som ein del av «Black, Brown and Beige»-suiten frå 1943.  Sonen Mercer Ellington har fortald at da faren sin  kjæraste ein gong sa at dette var det finaste han hadde laga, sa faren berre «ho har rett» og fortsette å arbeide. Denne First Sacred Concert vart framførd fleire gongar med litt ulikt innhald det følgjande året.

Foto: Daniel Formo

Billy Strayhorn, Ellingtons nære medarbeidar og ven gjennom 30 år, døydde i 1967. Til gravferda skreiv Ellington ei hylling bygd på Strayhorns Four Freedoms, som fekk plass i Second Sacred Concert.  Ingen kunne erstatte Strayhorn, men Ellington bygde  den nye versjonen omkring den unike stemma til svenske Alice Babs. Babs flaug til New York tidleg i januar 1968 for å halde to konsertar og spele inn plateversjonen. Ellington hadde komponert 90 minutt  med ny musikk til Second Sacred Concert.  Kjerka var stappfull, over 6000 tilhøyrarar og eit fjernsynsteam var på plass. Mange av dei kan framleis hugse stemninga, med rytmisk klapping og spontan dansing i sideskipa.

I 1973 fekk Ellington sjølv diagnosen lungekreft. Men han greidde likevel å organisere ein tredje Sacred Concert, som han framførde, igjen med Alice Babs i ei sentral rolle, i Westminister Abbey i London. Rett før konserten skal han ha redigert og revidert musikken utan stopp i 48 timar.

Siste Sacred Concert med Duke Ellington sjølv ved pianoet fann stad 23. desember 1973, symbolsk nok i Harlem – ikkje i Cotton Club, men i St. Augustinkjerka. Duke var heime – der også.

Men sjølv om Duke Ellington ikkje er med oss lenger, lever musikken hans. Andre storband med andre kor og andre solistar held fram med å framføre sine versjonar av Dukes inspirerte musikk. I 1993 publiserte John Høyby og Peder Pedersen eit komplett arrangement for kor, solist og orkester,  materiale frå alle tre konsertane. Korarrangementa er meir avanserte og omfattande, slik at kor og band blir likeverdige aktørar. Det er denne versjonen vi får høyre i Steinkjer kjerke med Gladiolus Storband og Steinkjer kammerkor.

Eit fint essay om Sacred Concerts av Thomas Cunliffe (illustrert med musikkvideoar) kan du lese her:

https://jazzhistoryonline.com/duke-ellingtons-sacred-concerts/