Stiftinga Hilmar Alexandersen har hovudkontor i Steinkjer og arbeider for bevaring og utvikling av tradisjonskulturen, spesielt folkemusikk og folkedans.
Formålsparagraf: Stiftinga Hilmar Alexandersen er ei ideell stifting. Stiftinga skal vere ein arena for å fremje tradisjonskultur og kultur som næring. Stiftinga har som formål å gjennomføre ein årlig folkemusikkfestival med konsertar, kurs og andre aktivitetar knytt til tradisjonsmusikk, -song og -dans gjennom Hilmar Alexandersen folkemusikkfestival og andre aktivitetar gjennom året i tråd med formålet.
Stiftinga kan i dag seiast å ha fire ulike avdelingar:
1 Fagavdelinga
Denne avdelinga yter tenester og sørvis for sjangeren og består av
- Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans som skal tene dei tre midtnorske fylka når det gjeld å utvikle sjangeren, spesielt med tanke på produksjon, turneutvikling, turnelegging og rekruttering. Vil også sjå på sjansen for å arbeide meir med immateriell kulturarv generelt.
- Del av Midtnorsk kompetansenettverk for rytmisk musikk (MINK) som arbeider for å styrke musikk som kulturnæring i dei tre midtnorske fylka.
- Nordisk sekretariat for 22 nordiske organisasjonar samla under paraplyorganisasjonen Nordlek. Skal spesielt arbeide med prosjektutvikling og kontroll for å ta vare på og vidareutvikle folkedansen og folkekulturen i Norden.
2 Arrangementsavdelinga
- Hilmarfestivalen
- FiNT (FolkJazzScena i Nord-Trøndelag). Arrangerer konsertar året rundt i Steinkjer og på Levanger og Namsos.
- HilmART –kunstprogram under Hilmarfestivalen og utstillingar gjennom året.
3 Prosjektavdelinga
Gjennomfører prosjekt, som for eksempel
- Bygda Dansar i Nord-Trøndelag: Trø te’ (2011-2013) og Interreg: Bygdene Dansar (2012/13)
- Nordlek-stemne (2012) og Landsfestivalen for folkemusikk (2014)
- Å få oppført statue av Hilmar Alexandersen (2014)
- Hilmarfest i 10 år – jubileumsbok om Stiftinga Hilmar Alexandersen (2016)
- Innsamling av immateriell kulturarv i Henning (2016)
- Trøndelag Ungdomsfolkemusikkensemble og Midgardsormen - pågåande
- Innherred Verdensmusikkensemble - pågåande
- Trøndersk helg i Oslo – 10. - 11. mars 2017
- Nord-Trøndelag folkemusikkarkiv (på utgreiingsstadiet)
4 Salgsavdelinga
Hilmar AS
Stiftinga har i tillegg eit heileigd dotterselskap: Hilmar AS, som arbeider med kommersialisering og salg av folkemusikk og folkedans nasjonalt og internasjonalt.
- HilmarBooking – kontraktar med 8 musikkgrupper, og eigne konsept på danseundervisning
- Nettverksprosjekt mellom Norges Midtpunkt SA og sju musikkgrupper – eksport av kultur
- Prosjektet «Dans i skolen»
Styret til Stiftinga Hilmar Alexandersen:
Grunnfondsinnskytarar: