Arkivseminar med Memoar og Arkivformidling Trøndelag
13. november 2021
10:00 - 11:00
Lillesal, Samfunnshuset
Steinkjer Samfunnshus, Kongens Gate, Steinkjer, Norge
Kjøp billetter
Dokumentasjon og formidling av munnleg kjeldemateriale
Bjørn Enes, leiar av den frivillige organisasjonen Memoar, og Marit Vestrum, prosjektleiar ved Arkivformidling Trøndelag fortel om og samtalar kring dokumentasjon og formidling av munnlege kjelder. Det vil òg bli vist eksempel på arkivmateriale med folkemusikk- og folkedans frå Trøndelag og fortellingar frå arkivet til Memoar.
Memoar driv med innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av munnleg historie (“oral history”). I hovudsak samlar dei inn munnleg primærkjeldemateriale i form av videointervju, i geografiske (lokalhistoriske) eller tematiske innsamlingsprosjekt (Tema kan vere f.eks. yrkes-, kultur- eller tradisjonshistorie).
Prosjektet Arkivformidling Trøndelag er drive av Norsk senter for folkemusikk og folkedans i samarbeid med regionale aktørar innan folkemusikk- og folkedansfeltet i Trøndelag. Målsettinga er å etablere ei stilling med oppgåvene dokumentasjon, bevaring, tilgjengeleggjering og formidling av arkivmateriale med folkemusikk og folkedans frå Trøndelag.