Seminar: Fortelling i Norden

8. november 2022

11:00 - 15:00

Kulturscene Vårt Hjem, Steinkjer

Vårt Hjem Steinkjer, Kongens Gate, Steinkjer, Norge

Kjøp billetter

*Gratis for Tale eller festivalpass.

Fortelling i Norden

Fortelling som fenomen er i vinden over heile verda, og vi har invitert nokre av dei fremste miljøa i Norden til å fortelje om kva som skjer hos dei akkurat no.

  • Frå Fortellerfestivalen i Oslo kjem festivalsjef Frances Gerono Huby og fortel om korleis dei har utvikla seg frå å vere ein festival til no å ha ambisjonar om å vere ein heilårleg organisasjon som driv fagleg utvikling for og med fortelling.
  • Frå Memoar – Norsk organisasjon for munnleg historie, kjem dagleg leiar Inger Christine Årstad. Memoar sitt motto er at alle har ei fortelling å dele. Vi intervjuer vi folk om livet deira og tek vare på samtalene for framtida.Memoar arbeider for eit nordisk kompetansesenter for munnleg historie. Når vi forteller bevarer vi mangfaldet i historia vår.
  • Frå Jakob Sande – ​senter for forteljekunst kjem Liv Hege Skagestad og fortel om korleis dei arbeider for å bygge opp eit nasjonalt fagmiljø og akademi innom munnleg og skrifteleg forteljekunst, og tilbodet dei har  gjennom heile året, mellom anna med residens, produksjonar, ​festival og kurs. Dei har og eit spennande samarbeid med Fjordkysten regional- og geopark.
  • Frå Danmark kjem Maria Junghans som er leiaren for Fortællere i Danmark og fortel om korleis dei har fått samla alle forteljarane i Danmark i ein organisasjon. Maria sit også i styret i FEST: Federation of European Storytelling og vil fortelje om arbeidet i Europa.
  • Frå Region Jämtland og Herjedalen kjem Linda Forss og vil fortelje om korleis forteljing grip om seg i vår naboregion, og korleis dei håper å starte eit større prosjekt for å fremme forteljinga enda meir.
  • Frå Stiftinga Hilmar Alexandersen kjem Johan Einar Bjerkem og vil fortelle om arbeidet med fortelling her i Trøndelag, og om arbeidet i Fortellernettverket TALE der over 20 store og små organisasjonar har gått saman for å styrke kvarandre i arbeidet for fortelling.

Om du trur forteljing er noko som kan hjelpe deg eller din organisasjon vidare i arbeidet, så er du velkommen på seminar.

 

Pris: 500,- inkl. enkel lønsj

Gratis inngang med festivalpass eller Hilmarkort.

Frokostmøte, Storytelling in business. Samarbeid m/SNF, Tindved, Kommunikasjonsforeningen i Trøndelag

Velkommen!

Kjøp billetter

*Gratis for Tale eller festivalpass.