Uppdaldåggån: Fredrik Parelius – Herdsla

7. november 2022

19:30 - 20:30

Steinkjer Bibliotek

Steinkjer bibliotek, Bogavegen, Steinkjer, Norge

Kjøp billetter

Uppdals Herdsla: ein roman mellom sjølvbiografi og politisk visjon. Fredrik Parelius samtaler med Uppdalbiografen Arild Bye. I samtalen tek dei utgangspunkt i Parelius sin masteroppgåve om romanen. Dei diskuterer korleis Herdsla på same tid ligg tett på Uppdals turbulente privatliv og på 1920-talets maktspel i arbeidarrørsla.

Som arbeidarlitteratur peiker Herdsla fram mot ei tid med ei ny politisk ordning. Samstundes er hovudkarakteren i boka ein kunstnar, som lik Uppdal sjølv strever med å fullføre eit storverk om korleis Noreg har utvikla seg frå bondesamfunn til industrisamfunn. Uppdal samlar trådane frå heile Dansen gjennom skuggeheimen-serien i ein roman som både er politisk, personleg og metalitterær. Dei mange laga i romanen gjer Herdsla til eit merkverdig og motsetningsfylt verk.

Fredrik Parelius er stipendiat og universitetslektor ved Universitetet i Bergen. Han er i ferd med å legge siste hand på ei doktorgradsavhandling om galskap og lyrikk på 1900-talet. Her tar han utgangspunkt i forfattarskapa til Uppdal, Hofmo og Hauge. I kapitelet om Uppdal skriv han mellom anna om korleis Uppdal vinklar galskapen ulikt før og etter sjukdomsperioden på 20/30-talet. Kapittelet bygger på lesing av dikt frå samlingane Altarelden (1920), Jotunbrunnen (1925) og Kulten (1947). Parelius kjem også til Uppdaldåggån 2023 for å snakke om doktorgradsavhandlinga.

Gratis inngang

Kjøp billetter