Hilmar Alexandersen musikkpris for 2018 går til fiolinisten og hardingfelespelaren Ragnhild Hemsing frå Valdres, fødd i 1988. Prisen er ei nasjonal hedersbevisning, og kan gis utøvarar som har vist spesielle evner i framføringa av norsk tradisjonsmusikk, eller til personar som har skapt ny musikk innan sjangeren.
I statuttane står det vidare:
«Prisen kan også gis for fremragende innsats for å øke kunnskapen om, og for å formidle slik musikk til befolkningen i landet. Prisen kan også gis til personer som har gjort en spesiell innsats for å gjøre norsk tradisjonsmusikk eller folkemusikk kjent i utlandet.»
Ragnhild Hemsing får Hilmar Alexandersen musikkpris fordi ho saman med ein imponerande karriere som klassisk fiolinist også på framifrå måte har makta å løfte fram folkemusikken og hardingfela. Ho spelar tradisjonelt hardingfelespel – først og fremst Valdresspell, men også teknisk krevjande komposisjonar for hardingfele som t.d. Geirr Tveitts “Tri fjordar” for hardingfele og orkester, og Johan Halvorsens “Fossegrimen Suite” som ho har spela inn på plate med Bergen filharmoniske orkester.
I dei seinare åra har mange lagt merke til Ragnhild gjennom flotte fjernsynsprogram frå hennes og søster Eldbjørg sin “Hemsingfestivalen”. Mange minnest nok også at Ragnhild og Eldbjørg i 2010 laga ein 60 minutts dokumentar på NRK fjernsynet om livet og musikken til Ole Bull.
Ragnhild Hemsing har utmerka seg nasjonalt og internasjonalt både som fiolinist og hardingfelespellar. Ho har vore solist med dei fremste symfoniorkestra her til lands, og også med profesjonelle orkester over heile Europa og i USA.
Som klassisk fiolinst har ho vunne ei lang rekke prisar, mellom anna alle dei klassiske ungdomsprisane her til lands – og også fleire internasjonale prisar, for eksempel Beethoven Ring-prisen for beste konsert under den årlege Beethovenfestivalen i Bonn i 2013.
Eit stort publikum kjenner Ragnhild også gjennom konsertsamarbeidet mellom Hemsingsøstrene og Gjermund og Einar Olav Larsen, eit samarbeid som vart initiert nettopp av Hilmarfestivalen. Denne kvartetten startar gjerne konsertane sine med ein av Hilmar sine hardingfelekomposisjonar, og slik er Ragnhild også ein direkte formidlar av Hilmartradisjonen.
Ragnhild Hemsing er både med sin overbevisande musikaltet og brilijante musisering – og sin sympatiske væremåte – eit flott førebilete og ein svært verdig vinnar av Hilmar Alexandersen musikkpris 2018.
—————————————
Uttale frå prisvinnaren
Tusen, tusen takk for denne gjeve prisen! Dette var en utrolig hyggelig overraskelse som jeg setter så stor pris på. Det å få Hilmarprisen betyr mye for meg, og det er en stor inspirasjon i det videre arbeidet mitt både som fiolinist og folkemusiker.
– Ragnhild Hemsing
Utdeling
Prisen blir delt ut ved opningskonsert til Hilmarfestivalen i Steinkjer Kirke onsdag 7. november der Ragnhild Hemsing, saman med Eldbjørg Hemsing og Einar Olav og Gjermund Larsen er solistar med Trondheim symfoniorkester. For meir om programmet på Hilmarfestivalen, sjå: https://festival.hilmarfestivalen.no/program/
Tidligere vinnarar av Hilmarprisen:
Susanne Lundeng 1991, Knut Hamre 1992, Leif Inge Schjølberg 1993, Hans Brimi 1995, Sven Nyhus 1999, Petter Andreas Røstad sen. kvartett 2003, Geir Egil Larsen 2004, Majorstuen 2005, Annbjørg Lien 2006, Knut Buen 2007, Gunnar Stubseid 2008, Martin Myhr 2009, Kirsten Bråten Berg 2010, Einar Olav Larsen 2011, Sigrid Moldestad 2012, Arne M. Sølvberg 2013, Gjermund Larsen 2014, Frode Fjellheim 2015, Steinar Ofsdal 2016 og Ingebjørg Bratland 2017.
Hilmar Alexandersen
Prisen blir delt ut til minne om den store spellmannen Hilmar Alexandersen (1902 – 1993): https://hilmarfestivalen.no/om-hilmar/
Fleire opplysningar?
Ved spørsmål, eller behov for ytterlegare kommentarar frå prisutdelaren; kontakt festivalsjef og sekretær for juryen:
Johan Einar Bjerkem, 92 84 05 53 – [email protected]
For kommentarar frå prisvinnaren:
Ragnhild Hemsing: 971 87 629 – [email protected]