Hilmartalentet er eit nasjonalt program der juryen plukkar ut den mest lovande enkeltutøvaren innanfor folkemusikken. I juryen sit leiarane for folkemusikkutdanningane i Noreg; Unni Løvlid, Jo Asgeir Lie og Stian Roland, samt Einar Olav Larsen frå Stiftinga Hilmar Alexandersen. Johan Einar Bjerkem er sekretær for juryen.
Sparebank1 SMN og Talent Norge står bak prosjektet saman med Stiftinga Hilmar Alexandersen.
Dette talentet får eit stipend og arbeide saman med ein mentor. I tillegg blir det mellom anna sett opp konsertturne med Hilmar året rundt og konsertar under Hilmarfestivalen. Stiftinga hjelper også Hilmartalentet med karriereutvikling. Hilmartalentet følgjest opp over ein to års periode.
Trygve Liahagen

Hilmartalent 2023 - 2024. Trygve Liahagen er en fremragende ung spellemann fra Ottestad. Han komponerer og arrangerer, i tillegg til å være soloutøver, solist og ensemblemusiker. Liahagen har en fot solid plantet i tradisjonene, samtidig som han bryter med musikalske forventninger og er en ivrig improvisatør.
De siste årene har Trygve Liahagen markert seg som en av Norges fremste unge utøvere på fele. Han vant Fele klasse B på Landskappleiken både i 2022 og 2023, og ble i 2023 fjor tildelt Øyvind Berghs Minnepris, der han kvitterte for prisen ved å være solist med Kringkastingsorkesteret.
Trygve valgte Bugge Wesseltoft som mentor. Trygve beundrer Bugge stort som musiker, og ble glad da han takket ja til å være mentoren hans, og produsere hans første plate.
Ingrid Lingaas Fossum

Hilmartalentet 2022 - 2023. Ingrid Lingaas Fossum er en fremragende musiker på alle vis. Hun vokste opp i Valdres, og begynte å spille langeleik tidlig i barndommen. Engasjementet for instrumentet vokste fram da hun i ungdommen begynte å utforske dynamikk, andrestemmer og arrangering. Langeleiken ble hennes følgesvenn rundt om i verden, og hun har etter programmet er ferdig rukket å gi ut flere plater og bli kåret til årets folkemusiker på FolkeLarm.
Ingrid valgte Vegar Vårdal som sin mentor. Vegar er en svært dyktig musiker, danser, komponist og pedagog.
Synnøve Brøndbo Plassen

I 2020 - 2021 vart Synnøve Brøndbo Plassen plukka ut av juryen til å vere det nye fremste talentet innanfor folkemusikken i dag. Ho er frå Folldal, men mora, Gunn Brøndbo er faktisk frå Stod i Steinkjer kommune, så jenta har gode aner!
Da vi spurte om kven ho ville ha som mentor, så sa ho at no hadde ho fire songlærarar, så ho kunne tenke seg ein mentor som ho kunne arbeide med for å utvikle seg innan arrangering og komponering. Så spurte ho om Gjermund Larsen kunne vere mentoren hennar. Og det kunne han og produserte også den første soloplata hennar. Synnøve har vunne fleire FolkeLarmprisar og Spellemannsprisar etter ho vart ferdig med Hilmartalentprogrammet.
Helga Myhr

I 2018 - 2019 vart Helga Myhr frå Hallingdal plukka ut som Hilmartalentet – og hadde i 2019 fem innslag på Hilmarfestivalen. Helga Myhr har spelt hardingfele og vore kvedar sidan tidleg i barndommen.
Helga valte seg Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars som mentor for to år sidan. No har dei jobba saman desse åra, og i oktober 2019 slepte Helga si første soloplate med Tuva som produsent. Denne plata vart nominert til Spellemannspris. Det vart også plata med den eine gruppa til Helga: Morgonrode, og denne vann Spellemannsprisen!