Hilmarfestivalen treng DEG!
Varm takk for at du vil vere frivillig og løfte Hilmar året rundt og Hilmarfestivalen 2022
Ved å vere frivillig for Hilmar, er du med og skaper store kulturopplevingar for folk i hele Trøndelag og Norge. Stiftinga Hilmar Alexandersen tek utgangspunkt i kulturarv og trønderske tradisjonar, og saman vidareutviklar vi dei for å nå ut til publikum i dag for å skape musikkglede, samvær, god folkehelse og stoltheit over eigen kultur. Festivalen bygger på arven etter Steinkjer sin eigen store felespelar og entertainer Hilmar Alexandersen (1902 – 1993). Gjennom heile året arrangerer vi konsertar under overskrifta «Hilmar året rundt», og så har vi sjølvsagt sjølve Hilmarfestivalen i veke 45. Vi har også mange andre satsingar gjennom heile året, ved blant anna å vere Midtnorsk kompetansesenter for folkemusikk- og folkedans, ha stor satsing mot barn og unge, og forteljing. Dette er vi så glad for at du vil vere ein del av. Utan deg som frivillig hadde det ikkje vore muleg å få til så mykje.
Program for årets festival på heimesida her.
For å kunne fordele oppgåvene godt treng vi at du registrer deg for å være frivillig på Hilmarfestivalen 2022. I det skjemaet markerer du når du har tid til å bidra, og kva du liker best å gjere. Og du gir oss kontaktinformasjon slik at vi får kommunisert godt med deg.
Bruksanvisning for frivilligregistrering og app. for Hilmarfestivalen 2022
- Trykk på knappen Meld deg som frivillig her (skjema) .
- Trykk så på knappen «Meld deg som frivillig her».
- Registrer kontaktinformasjon og dagane/tidane du har anledning til å være med som frivillig under heile festivalveka
- Sikre deg at du har fylt ut alle felta, og godtatt Nyhetsbrev og Terms of service.
- Ferdig? Trykk på knappen «Submit» (send inn).
Velkommen som frivillig til Hilmarfestivalen 2022.
Godkjenning av registrering
Vi som administrerer de frivillige, godkjenner din forespørsel, og du får så ein e-post med en brukar-link.
Laste ned app Crescat
Gå inn på din smarttelefon, og last ned appen Crescat.
Gå inn på appen og registrer brukeren din fra linken du har fått på e-post.
Får tildelt oppgaver og følger med på Crescat
Etter kvart som du vert plassert på oppgåver i systemet, får du oppdateringar på denne appen, og da har du oversikt over dato og tidspunkt for arbeidsoppgåvene dine til ei kvart tid.
Ta kontakt
Har du utfordringar med å bruke internett/smarttelefon på denne måten, ber vi deg ta kontakt på dagtid med Hilmarkontoret i Kongens gate 30, Steinkjer. Telefon til festivalkontoret: 920 79 446 (operativ fra uke 43). Kontakt oss om du har spørsmål eller har lyst til å vere engasjert og ikkje veit heilt kva dette er. Om du har litt tid, eller mykje, vi vil gjerne ha deg med på laget. Ta kontakt med festivalsjef Astrid Skogseth (406 17 590), eller send ein e-post: astrid.skogseth@hilmarfestivalen.no
Frivilligmøte 31. oktober
Velkommen til frivilligmøte mandag 31. oktober kl. 19.00 – 21.00 på InnoCamp, Steinkjer. Der vil vi gå gjennom program og ein gjennomgang av alle oppgåver.
Vi gleder oss til å ha deg med på laget!
Her er nokre av oppgåvene du kan bidra med:
- Arrangementsansvarleg
- Artistvert
- Sjåfør
- Vakt og billettsalg
- Rigg og rydd
- PR - media
- Pynt
- Trivselsnemnd for frivillige
- Festivalkontor
Godtgjering for deg som frivillige
- Om du arbeider frivillig på eitt arrangement, får du ein fribillett til eitt anna arrangement.
- Er du frivillig meir enn seks timar får du to arrangement.
- 12 timar frivillig innsats gir festivalpass for Hilmarfestivalen (verdi kr. 1 250,- for ein vaksen)
- 20 timar frivillig arbeid gjennom heile året gir Hilmarkortet, da får du Hilmar året rundt med minst 10 ulike folkemusikk-konsertar på Steinkjer (eller 50 på unike og små spelestader over heile Trøndelag), og Hilmarfestivalen med 70 arrangement med konsertar, dansefestar, forteljing og kunstprogram i veke 45 på Steinkjer (verdi kr. 3250,- for ein vaksen.
Registrer deg HER for å være frivillig på Hilmarfestivalen 2022!
Velkommen!