Om oss

Felespelaren Hilmar Alexandersen frå Steinkjer var ein av dei største folkemusikarane i Norge og Norden på 1900-talet. Med sin heilt spesielle tone skreiv han seg inn i norsk musikksoge.

Om Stiftinga Hilmar Alexandersen

Stiftinga Hilmar Alexandersen har hovudkontor i Steinkjer og arbeider for bevaring og utvikling av immateriell kulturarv, spesielt folkemusikk og folkedans.

Formålsparagraf

Stiftinga Hilmar Alexandersen er ei ideell stifting. Stiftinga skal vere ein arena for å fremje tradisjonskultur og kultur som næring. Stiftinga har som formål å gjennomføre ein årlig folkemusikkfestival med konsertar, kurs og andre aktivitetar knytt til tradisjonsmusikk, -song og -dans gjennom Hilmar Alexandersen folkemusikkfestival og andre aktivitetar gjennom året i tråd med formålet.

Vedtatt strategi 2024 - 2026

 Oppdraget

Stiftinga Hilmar Alexandersen skal arbeide for levande kulturarv og kulturnæringsutvikling. Vi arrangerer Hilmarfestivalen og andre arrangement og utviklar spesielt faga folkemusikk, folkedans og forteljing i Midt-Norden.

Ambisjon

Vi skal styrke organisasjonar og utøvarar og rekruttere inn til den levande kulturarven gjennom arrangement, nettverksarbeid og innovasjon.

Hovudmål

Gjennom våre tiltak og arrangement å få fleire til

  • å utøve og oppleve folkemusikk, folkedans og forteljing
  • å møtast, og å bli rørt av våre sjangeruttrykk
  • å gjere det godt innan kulturnæringar
  • å bli partnarkommunar og -organisasjonar

Særlege utfordringar

Eksterne

  • Å få offentleg finansiering til å sikre økonomien til dei stillingane og aktiviteten vi har no og utvide med ei marknadsførings-stilling.
  • Å vere premissleverandør med gjennomslagskraft som utviklar feltet og har bakkekontakt
  • Å synleggjere heile arbeidet vårt
  • Å få fram at levande kulturarv er samtidskultur

Interne

  • Opprop: Marknadsføring og informasjon – kompetanse i feltet blir fort gammal
  • Å ta på oss for mye utan god nok forankring i mål og styringsdokument
  • At tilsette og fellesskapet stadig er i utvikling og vekst utan å brenne ut
  • Ha eigen identitet i høve til Kulturkvartalet og andre aktørar gjennom programprofilen
  • Å få ut synergiar ved å vere i Kulturhuset

Strategiske tiltak for å realisere mål og ambisjonar; 2026 – 2027

 Fortsatt utvikle Hilmarfestivalen som merkevare og flaggskip

  1. Opprette eit større dansegolv som også andre kan danse på[i]
  2. Få utvikla bestillingsverk og eineståande forestillingar som seinare kan turnere
  3. Få fleire tilreisande til festivalen

Utvikle sjangeren gjennom Midtnordisk senter for immateriell kulturarv

  1. Utvikle den trønderske kjernen i lys av mangfaldet i verda og kople oss tydeleg opp mot 1000-årsjubileet for nasjonen
  2. Arbeide tverrsektorielt i samarbeid med Stiftinga Røtter med fokus beredskap og berekraft
  3. Styrke forskings- og innovasjonsinnsatsen (FoI)

Utvikle kulturnæring

  1. Utvikle ein kulturarvsinkubator i skjeringspunktet mellom næringsutvikling og kulturarvsarbeidet
  2. Styrke arrangørar
  3. Styrke artistar

Styrke oppropet

  1. Bygge Hilmar som merkevare gjennom å opprette nye heimesider som tydeleggjer og forenklar kommunikasjonen vår på tvers av tiltak både regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  2. Bruke kjente personar som innleiarar på konsertar og til å skrive kronikkar
  3. Selje fleire pass og billettar og få auka grunnfinansiering

[i] Bl.a. gjennom auka satsing på mat, KREANOR, HilmarUng, Hilmars marknad, Fleirkulturelt myldrearrangement, Fargespill og få lagt eksterne møter som i Kulturutskottet til Nordisk Råd til festivalen

 

Stiftinga har i dag fire hovudområde

1 – Hilmarsentret

Arbeider med immateriell kulturarv generelt. Sentret inneheld mellom anna Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans (MSFF) som arbeider for å utvikle sjangeren, spesielt med tanke på å styrke arrangørar, profesjonelle utøvarar og rekruttering.

2 – Arrangement

  • Hilmarfestivalen kvart år i veke 45
  • Hilmar Året Rundt. Arrangerer konsertar året rundt i heile Trøndelag
  • HilmART – kunstprogram under Hilmarfestivalen og utstillingar gjennom året

3 – Prosjekt

Eksempel på prosjekt som Stiftinga som har gjennomført

  • Bygda Dansar i Nord-Trøndelag: Trø te’ (2011-2013) – i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans
  • Interregprosjektet: Bygdene Dansar (2012/13) – i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans
  • Nordlek-stemnet (2012) for Noregs Ungdomslag
  • Landsfestivalen for folkemusikk (2014) for FolkOrg
  • Sekretariat for Nordlek-organisasjonen (2013 – 2018)
  • Å få oppført statue av Hilmar Alexandersen (2014)
  • Hilmarfest i 10 år – jubileumsbok om Stiftinga Hilmar Alexandersen (2016)
  • Innsamling av immateriell kulturarv i Henning (2016) i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans
  • Trøndersk helg i Oslo – 10. – 11. mars 2017 i samarbeid med Riksscenen
  • Støtte til etableringa av Folkemusikksamlinga i Nord-Trøndelag (2017-2018)
  • Samarbeidsprosjekt mellom reiselivsbedrifter og musikarar for auka sal av trøndersk kultur (2016 – 2019)
  • Dd. Initiativtakar til og koordinator for Fortellernettverket TALE med over 20 medlemsbedrifter. (2019)
  • Samspel63 – Interregprosjekt for å styrke kulturnæringa i Midtnorden. www.samspel63.no (2026)

4 – Formidling – sal

Stiftinga har eit heileigd dotterselskap: Hilmar AS, som arbeider med kommersialisering og sal av folkemusikk og folkedans og anna norsk kultur nasjonalt og internasjonalt.

Styret i Stiftinga

  • Per Olav Tyldum, styreleiar
  • Anne Haga, nestleiar
  • Marit Stranden
  • Grete Waaseth
  • Kjell Haugan

Grunnfondsinnskytarane

Steinkjer kommune
BUL Steinkjer
T:Lab AS
Trøndelag musikkråd
Dampsaga Bad og Kulturbygg AS
Noregs Ungdomslag
FolkOrg
Trøndelag Folkemusikklag
Inntrøndelag Ungdomssamlag
BUL Nidaros
Sør-Trøndelag Ungdomslag
Verdal juniorspellmannslag
Steinkjer kunstforening
Malm Trekkspellklubb
Naumdøla Mållag
Trønderlaget
Midtnorsk Fortellerforum

 

Siste årsmelding

Årsmeldinga 2024 for Stiftinga Hilmar Alexandersen

Årsmeldinga 2023 for Stiftinga Hilmar Alexandersen

Årsmeldinga 2022 for Stiftinga Hilmar Alexandersen

Årsmeldinga 2021 for Stiftinga Hilmar Alexandersen

Årsmeldinga 2020 for Stiftinga Hilmar Alexandersen

Årsmeldinga 2019 for Stiftinga Hilmar Alexandersen

Årsmelding 2018 for Stiftinga Hilmar Alexandersen

Årsmelding 2017 for Stiftinga Hilmar Alexandersen

 

Vedtektene til Stiftinga Hilmar Alexandersen

1    Namn

Namnet på stiftinga er Stiftinga Hilmar Alexandersen.

  • Mål

Stiftinga Hilmar Alexandersen er ei ideell stifting. Stiftinga skal vere ein arena for å fremje tradisjonskultur og kultur som næring. Stiftinga har som formål å gjennomføre ein årlig folkemusikkfestival med konsertar, kurs og andre aktivitetar knytt til tradisjonsmusikk, -song og -dans gjennom Hilmar Alexandersen folkemusikkfestival og andre aktivitetar gjennom året i tråd med formålet.
Stiftinga vil:

* Ta vare på og utvikle tradisjonsmusikken etter Hilmar Alexandersen

* Ta vare på og utvikle annan tradisjonsmusikk, song og dans med røtter i Trøndelag og Noreg

* Vere møtestad mellom norsk og internasjonal tradisjonsmusikk.

* Vere eit forum for å utvikle nye uttrykksformer hovudsakleg basert på tradisjonsmusikk og - dans.

*Vere økonomisk sjølvstendig

Stiftinga kan inngå forpliktande samarbeid med lag, organisasjonar og institusjonar med sikte på å skape best mulig innhald og grunnlag for gjennomføring av formålet.

  • Samansetjinga av styret

Styret er samansett av styreleiar og fire medlemmer, med personlege varamedlemmer. Styremedlemmer blir valde av årsmøtet etter innstilling frå ei valnemnd. Som medlemmer i styret skal veljast personar som er interesserte i å arbeide for stiftinga sitt formål.

  1. Styret er det øvste organet i stiftinga.
    Styret skal leie stiftinga si verksemd i samsvar med formålet. Styret for stiftinga er ansvarlig for løpande drift, herunder økonomistyring, planlegging og gjennomføring av den årlege folkemusikkfestivalen og andre aktivitetar.

Styret har fullmakt til å nedsetje naudsynte arbeidsgrupper og underutval og utarbeide arbeidsinstruksar for desse.

Styret kan tilsetje personale, og utarbeide arbeidsinstruks for personale.

Styret kan disponere siste års renter av fondskapitalen.

Inneståande på fondet skal aldri vere lågare enn halvparten av den opprinneleg innskotne grunnkapitalen. Renter som ikkje vert disponerte av styret skal tilleggast fondet.

Styret for stiftinga pliktar å sjå til at den kapitalen som til ei kvar tid er inneståande på fondet, blir forvalta på best mogleg måte. Fondskapitalen skal stå på høgrentekonto i bank eller plasserast på annan måte som gjev fullgod sikring for kapitalen.

Driftsinntektene for folkemusikkfestivalen, medrekna offentleg og privat stønad, skal gå til å dekke driftsutgiftene for festivalen. Ved overskot under festivalen, skal dette først gå til å dekke eventuelle tidlegare utbetalingar frå grunnfondet. Attendebetaling til fondet skal ikkje dekke meir enn tidlegare års utbetalingar med tillegg av ei rente på maksimum 12% p.a.

  1. Andre organ

Årsmøtet

Stiftingsorganisasjonane samt lag og foreiningar som har bidrege med minimum 10.000,- kr til stiftinga kan delta med ei stemme med fulle rettar på årsmøtet. Organisasjonar, lag og foreiningar som har bidrege med min. 5 000 har tale- og forslagsrett på årsmøtet.

Årsmøtet skal haldast kvart år innan 15. mai. Ingen utsending på årsmøtet kan ha røysterett for meir enn éin stiftar/innskytar.

Innkalling til årsmøtet skal sendast ut minst 5 veker før årsmøtet. Framlegg til saker for årsmøtet må vere styret i hende minst 2 veker før utsendingsfristen.

Årsmøtet har myndigheit til å handsama desse sakene

  1. å velje og å avsetje styremedlem når vilkåra i §29 andre ledd i Lov om stiftelser er til stades
  2. å fastsetje godtgjering for styremedlemmene
  3. føre tilsyn med stiftingas verksemd
  4. gi uttale om årsrekneskap og årsmelding
  5. beslutte gransking
  6. velja revisor
  7. vere rådgivande organ for styret ved spørsmål om omdanning og oppheving
  8. gi uttale til styret
  9. gjere endringar i vedtektene
  10. nedsette valnemnd

Valnemnda

Valnemnda skal legge fram innstilling om tillitsfolk som årsmøtet skal velje.
Valnemnda skal innstille kandidatar etter innhenta framlegg frå dei respektive institusjonane/ organisasjonane nemnde i § 6.3. I samansetjinga av styret er det viktig å ta omsyn til at dei ulike ansvarsområda styret treng kompetanse på. Det er også ønskjeleg med best mulig fordeling på kjønn. Kvar personleg varamedlem til styret bør kunne vere fast medlem i ei eventuell undernemnd til den styremedlemen han er varamedlem for.

  1. Grunnkapital

Stiftinga skal ha ein grunnkapital på kr 205 000,-

Vedteke i skipingsmøte 13.oktober 2005. Endringar godkjent på e-post av styret 15. april 2006 og på e-post av alle stiftarane innan 2. mai 2006. Endringar gjort på ekstraordinært årsmøte 7.4.2008, og på e-post av stiftarane innan 21.4.2008. Endringar gjort på styremøte 30.4.2020 og på årsmøte 12.5.2020