Om Hilmar Alexandersen

Hilmar Alexandersen var frå Egge i Steinkjer kommune, Nord-Trøndelag. Han var fødd 22. november 1902 og døydde 28. april 1993.

Hans glimrande felespell gjorde han til ein av dei største folkemusikarane i Norge og Norden på 1900-talet. Begge foreldra hans song og tralla slåttar som Hilmar høyrde i sin barndom. Tonearven frå foreldra er kjenneteikna ved bruken av reine naturtonar og den ekte speleglede og tonekjensle han viste i spelet sitt.

Hilmar var sterkt forankra i det tradisjonelle, samtidig som han viste interesse og evner for det nyskapande og eksperimentelle. Dette galdt både i form og innhald, sjølve musikken så vel i solo som samspel. Hilmar skapte ny tradisjon med si sterke formidling. Han var både underhaldar, ein stor historieforteljar og spelemann, åleine eller i samspell med andre musikarar.

Plateinnspelingane med P.A. Røstad og hans orkester er kjente og kjære for heile gammeldans-Noreg. Gjennom mange år var han fast bidragsyter til NRK sitt folkemusikkarkiv og til Folkemusikkhalvtimen. Med sin heilt spesielle tone har Hilmar for alltid skrive seg inn i norsk musikksoge.

Omtale av Hilmar Alexandersen i Steinkjerleksikonet finn du her. 

 

 
https://tv.nrk.no/program/ftem00003772

Statue av Hilmar avduka i 2014

Svein Karlsen er nevø av folkemusikaren og komponisten Hilmar Aleksandersen. I dette intervjuet fortel han både om sine eigne minner om gammelonkelen, og om meir generell biografisk historie om han. Les mer på: Memoar

Memoar-SveinKarlsen.23-09-2020.mp4 from Memoar leiar on Vimeo.