Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans

Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans arbeider for å styrke immateriell kulturarv i Midt-Noreg. Det kan vere forteljing, handverk eller folkemusikk og folkedans. Vi har mellom anna støtte til dette arbeidet via løyvingar til Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans (MSFF). MSFF er ein del av Hilmarsentret / Stiftinga Hilmar Alexandersen.

Stiftinga har 17 grunnfondsinnskytarar, er ei ideell stifting og skal i følgje formålet «vere ein arena for å fremje tradisjons-kultur og kultur som næring."

MSFF arbeider for å styrke og vidareutvikle miljøet og alle former for formidling av folkemusikken og folkedansen i landsdelen. Dette gjennom å styrke talent, profesjonelle aktørar i bransjen og breiddemiljøet. Vi samarbeider med andre relevante kulturaktørar, både private og offentlege på regionalt, nasjonalt og internasjonalt plan; både innanfor og utanfor sjangeren. Vi vil styrke arrangørar, utøvarar og rekruttering. Vi vil styrke arrangørar, utøvarar og rekruttering av unge folkemusikarar og dansarar i Noreg Stiftinga leverer også produksjonar av høg kunstnarisk kvalitet gjennom for eksempel Hilmarfestivalen og Hilmarscenen som står bak konsertar i heile Trøndelag.

Arrangement:
Tid:
Sted:
5. mar 2024 - 19:00
Galleri Fenka
6. mar 2024 - 19:00
Matgarasjen, Jøa
19. mar 2024 - 19:00
Kimen kulturhus
20. mar 2024 - 19:00
Jule Grendehus, Sørli
21. mar 2024 - 18:30
Kulturscenen Vårt Hjem
22. mar 2024 - 20:00
Folkehallen på Skomsvold
25. apr 2024 - 19:00
Orkland Kulturscene, Thamspaviljongen
26. apr 2024 - 20:00
Bedehuset Bar & Bistro, Jøa
27. apr 2024 - 18:00
Tunnsjø Samfunnshus
6. nov 2024 - 09:00
Steinkjer kulturhuset