Kulturösterbotten (Fi), Sagobygden (Sv) og Stiftinga Hilmar Alexandersen (No) har saman eit prosjekt for å utvikle ny digital formidling for 1) dans, 2) musikk og 3) fortelling som immateriell kulturarv. Vi skaper interaktive byggeklossar som kan settast saman i ulike former for forestillingar og utstillingar. Vi bruker co-creation som metode og har arbeidsmøter i alle tre land der vi både informerer om eksisterande prosjekt og arbeider for å vidareutvikle ny formidling.
I tillegg til dei tre partnarane har LaFo Folkmusiksenter (Fi), Aestetic Obstacles (Sv), Certec Institution för designvetenskaper på Lunds universitet (Sv), Ablemagic (No) og Norsk senter for folkemusikk og
folkedans (No) vore inne i prosjektet, samt enkelte frivillige personar i kvart land. Vi har rådgitt kvarandre på kvar våre prosjekt i alle tre land og den finske musikaren Juho Kivivuori og den svenske songaren Isa Holmgren har bidratt under innspeling til forestillinga Arven og som blir vist i det heildigitale rommet Steinkaret i Steinkjer Kulturhus i Norge med premiere under Hilmarfestivalen i november 2023.
Partnarar: Kulturösterbotten (Fi), Sagobygden (Sv) og Stiftinga Hilmar Alexandersen (No)
Prosjektet er finansiert gjennom eigne middel, gjennom private gåver og støtte frå Nordisk Kulturfond.