-Det luraste eg har gjort på lenge!

Anne Mette Hegdahl, leiar HilmART

Anne Mette Hegdahl er ny leiar av HilmART

Kva er tilknytninga di til Steinkjer?

-Eg er fødd i Steinkjer, og budde her til eg var ferdig på gymnaset. Då flytta eg til Røros og begynte på ein kunsthåndverkslinje i tekstil, før eg gjekk over til møbelsnekring ,– så det er møbelsnekker eg er i «botten». Det er eg særs glad for, det har lært meg utruleg mye praktisk, også i forhold til organisering og gjennomføring av ymse prosjekt!

Du har verkjeleg ein variert jobberfaring, forstår vi?

-Ja, eg jobba til dømes på Det norske Teatret som snekker i 6 -7 år, og så gjekk eg meir over til scenografi, og ”gjekk i lære” i forhold til det faget. Etter kvart kom eg inn i NRK TV, og byrja jobbe som scenograf der. Eg var der i 4- 5 år, og jobba mykje mellom anna med barneprogrammet Midt i Smørøyet. Det var utruleg lærerikt – vi måtte heile tida finne raske  og rimelege løysinger i studio. Eg arbeidde også med scenografi på Momarkedet, så der fekk eg god erfaring med store produksjonar, og tett kontakt med lyssettere, så dette var óg veldig lærerikt.

I alt eg har gjort etterpå, har eg kunnet gjere nytte av dei erfaringane desse jobbane ga meg!

Du har óg jobba i det frie kunstfeltet, med eigne prosjekt?

-Ja, etter kvart byrja eg å jobbe med eigne prosjekt. Eg er særs opptatt av forholdet mellom det visuelle og det musikalske. I 1992 utvikla komponist Hege Rimestad og eg eit prosjekt som vi kalte «Lyttende Øye», som gjekk på dette med å fange opp lydar i ulike materialar. Ho komponerte musikk og spelte fiolin mens eg bygde et scenisk rom med elementer og materialar som samspilte med hennes toner og bevegelser.

Å vere med i pionértiden på Det Åpne Teater, nå Dramatikkens Hus, er også ei erfaring som har betydd mykje for meg. Der fekk vi prøve ut ymse prosjektar, og eg kom i kontakt med folk som brant for det same som meg.

Du brenn for å fortelje historier på ymse måter?

-Ja, eg har alltid vore interessert i historie og historier. Det trur eg har samanheng med oppveksten mi, i lag med alle mine fire besteforeldre som alle var glade i å fortelje om si eiga bakgrunn og oppvekst.

Eg hadde mellom anna eit stort historieprosjekt – eigentleg fleire – om opplysningstidspresten Jacob Nicolaj Wilse. Dette starta med at eg kom over en framtidsfabel som han ga ut i 1779. Her ser han for seg korleis Noreg ville bli i år 2000.

Mellom anna meinte han at det da ville finnes ”fruentimmerakademier”, og at vi ville forstå betydninga av å ta vare på naturen. Han var ein meget mangfaldig person, noko som gjorde at eg både lagde utstillinger, teaterforestilling og ulike skoleprosjekt med basis i dette materialet.

I to år arbeide eg også med levandegjering i friluftsmuseet på Norsk Folkemuseum, men eg hadde en drøm om å skape ein kulturell møtestad, kor ein kunne utvikle idéar, kommunisere med ulike miljø, og i tillegg sjå på dialogen mellom vaksne og born.

.. og litt tilfeldig havna eg  då som driver av Hønse-Lovisas hus ved Akerselva i Oslo. Her vart eg verande i 10 år! Sagene bydel var dyktig til å ta vare på oss som ynskte å arbeide med og styrke kulturlivet i nærmiljøet. Her arrangerte eg ein mengde utstillingar, foredrag og konsertar, og vi vart etter kvart kjende for å servere byens beste vaflar !

I løpet av desse åra samarbeida eg i fleire prosjekt med Jon Halvor Bjørnseth fra Drivhuset musikkverksted. Han har utvikla metodikk med å få unger til å komponere og spille sin egen musikk. Med utgangspunkt i Oskar Braatens litteratur og lyder som kunne knyttes til industriproduksjonen langs Akerselva, gjennomførte vi prosjektene ”Beierbruas barn” og ”11-LYD ” i Den Kulturelle skolesekken.

Dette var ein imponerande karriere! Kvifor flytta du attende til Steinkjer?

Kultursatsinga i Steinkjer dei siste åra har vore ein viktig faktor. Eg har heile tida abonnert på Steinkjeravisa, og mor mi har «fora» meg med informasjon om alt som skjer i Steinkjer. Det synes å vere ein positiv «giv» i byen som eg har lyst til å vere med på.

Det at Steinkjer er eit så tydeleg eksempel gjennoppbygginga av det nye Norge etter krigen, finn eg svært fascinerende. Eg budde på Røros då den staden verkjeleg forsto betydninga av å ta vare på sin eigen identitet. Eg meiner vi har mykje å lære når det gjeld å verdsetje  busetnaden og det bymiljøet som vi har her i Steinkjer.

Og så kom dette huset til salgs, – det er det gamle bakeriet til familien, og då min mann òg kunne tenkje seg å busetje seg i Steinkjer, flytta eg – og vi – attende til barndomsbyen min.

Hegdahlgården (Foto: Steinkjerleksikonet)

Kvifor sa du ja til å bli leiar i HilmART?

-Det er i hvert fall noko av det luraste eg har gjort på lenge! På denne måten har jeg fått god oversikt over det som foregår innan kulturlivet i her i byen i dag, byen har jo endra seg på dei 40 åra eg har vore borte. Og så har eg blitt kjent med ein mengde nye hyggelege folk!

I tillegg er Hilmart ein etablert og velrennomert organisasjon som ein del av Hilmarfestivalen. De er så flinke til å samarbeide, og dette er eit tenkjande, kreativt, og generøst miljø som er i konstant utvikling! Og alt dette har jo også vore nyttig lærdom når eg no startar opp eigen kulturformidlings-verksemd i Hegdahl-gården.

Hilmarfestivalen 2019 – kva er din visuelle visjon?

Som tidlegare nevnt; forholdet mellom det visuelle og det musikalske har alltid opptatt meg!

For Hilmarfestivalen sin vedkommande meiner eg  vi kan jobbe enno meir med denne samanhengjen. Klarer vi å få til dette, vil vi skille oss ut fra andre festivalar og bli enno meir relevant for fleire.  Hilmarfestivalen har så mange moglegheiter, så her finst eit potensiale til å nå breiare ut og å trekkje eit større publikum til Steinkjer.

-Eg er forresten særs nøgd med at IDENTITET er satt som tema for årets festival, seier Anne Mette Hegdahl engasjert.

-Det har vore ein nasjonal satsing på Jacob Weidemann, med utstilling både i Oslo, Kristiansand og Trondheim, og då vart det naturleg å nytte høvet til å belyse hans forankring til Steinkjer. Vi planlegg óg å presentere to samtidskunstnarar: Solveig Lønseth i Weidemannrommet i Rådhuset, og Pekka Stokke til å lyssette Weidemanns kunst i kjerka, samtidig som han også skal setje lys til dei konsertane som skal foregå i Steinkjer kjerke.

Dessutan vil vi belyse Weidemann sin biografiske tilknytning til Steinkjer i Hegdahl-gården. Han sprang jo ut og inn av det gamle bakeriet i oppveksten, og han malte òg mange portrett av Steinkjerfolk og av omgivnadene i nærområdet. Er det nokon som har noko materiale som kan passe i denne samanhengen, er vi svært takksame om de tar kontakt!

Hilmarfestivalen og HilmART er nå oppteken av å styrke samarbeidet med det samiske miljøet på Snåsa, og det finn eg særs interessant. Vi i HilmART jobber no for å skaffe finansiering så vi kan presentere den sørsamiske biletkunstnaren Laila Mari Brandsfjell under årets festival.

Sist år (2018) opplevde vi den visuelle og musikalske vandringa fra utstillingsåpning til utstillingsåpning som særs vellukka. Dette vil vi gjenta også i år, og no startar vi opp arbeidet tidlegare slik at både Maleklubben, Kulturskolen og dei andre involverte kan vere meir aktivt med i planlegginga.

Vi veit at du har eit lite hjartesukk og……?

Ja, det store spørsmålet når ein jobber med kultur er alltid om det finst penger til å gjennomføre prosjekta, og eg må seie at eg har vanskjeleg for å skjøne myndigheitene som så ofte virker som dei ikke skjøner at vi trenger økonomisk stønad for verkjeleg å få kulturlivet tll å blomstre! Så  – no er det berre å jobbe på og å søkje om penger, slik at vi får til alt det vi draumer om når det gjeld å gjennomføre utstillingsprogrammet HilmART under årets Hilmarfestival !