-Kultursatsinga i Steinkjer er frisk – og viktig!

DSC_0023

Turid Hofstad har vore direktør ved Stiklestad Nasjonale Kultursenter i meir enn 20 år. No har ho takka av som direktør, men arbeider vidare ved senteret som spesialrådgivar. Ho vart valt som ny styreleiar i Stiftinga Hilmar Alexandersen på årsmøtet.

Kvifor takka du ja til å bli styreleiar i SHA?

-Eg har lyst til å gjere ein jobb på Steinkjer. Den kultursatsinga som skjer her no, med nytt kulturhus, er både friskt gjort og veldig viktig! Det viktigaste er imidlertid at eg har registrert denne organisasjonen som særs framoverlent, og eg ser at her er der mange moglegheiter. Det er òg interessant å kunne bruke noko av musikkutdanninga mi frå langt tilbake i ein slik samanhang.

Kva er den faglege bakgrunnen din?

-Eg har hovudfag i musikk frå NTNU, og skreiv hovudoppgåve om musikk og teater, deretter tok eg eit årsstudium i offentleg administrasjon og leiing. Og heilt i «botn», som ein seier, har eg lærarutdanning.

Du har jo vore direktør ved Stiklestad i meir enn 20 år – kva gjorde du før det?

-Den første jobben eg hadde etter hovudfaget var som Fylkesmusikkleiar i Nord-Trøndelag, i kulturadministrasjonen i det som no er gamle Nord-Trøndelag. Dette jobba eg med utover på 80-talet, og det var ein spennande periode med mykje merksemd omkring kulturfeltet. Det vart bygd kulturhus både i Namsos og på Inderøy og Stiklestad, samstundes som det vart etablert musikarordning, teater og galleri, – dette var ei artig periode å vere med på!

Etter dette jobba eg som førsteamanuensis i musikk ved lærarutdanninga på HiNT, og då kom eg inn i styret til Stiklestad. Etter ei tid vart eg permittert frå styret for å jobbe med den knutepunktstatusen som Stiklestad då skulle få – og så vart eg tilsett som direktør i 1996.

I 2004 vart Stiklestad det ein kallar eit konsolidert museum i lag med Egge Museum, Stjørdal Museum Værnes, Nils Aas Kunstverkstad og Levanger Fotomuseum. Dette var ein del av ein stor nasjonal museumsreform.

-Oppbygginga av Stiklestad Nasjonale Kultursenter med alle dei inkluderte musea har vore utruleg interessant og spennande, seier Turid Hofstad.- Det var viktig å dyrke og vidareutvikle kvar eining sine sterke «merke» og samstundes ta vare på samhandling innan organisasjonen. Det er mange svært gode, utveklingsorienterte fagfolk i organisasjonen, og det vil vere mykje å hente framover her både lokalt og nasjonalt.

Kva har vore det kjekkaste du har gjort?

-Det kjekkaste har vore – og er – å arbeide saman med dyktige ansatte og frivillige!

Når du no er i gang som styreleiar for SHA, har du sett deg nokre mål for den jobben?

– Det var ei ære å bli spurd om å bli styreleiar! Eg har inga «programerklæring», men eg har som nemnt lagt merke til at dette er ein framoverlent organisasjon, og at kultursatsinga i Steinkjer, som òg er ein stor by/stadsuviklingsprosess, er særs interessant, seier ho engasjert. -Stiftinga Hilmar Alexandersen står framfor ei rekkje viktige strategiske avgjerder, og desse håper eg at eg kan bidra til gode prosessar på.

-Det er kjempeoffensivt av Steinkjer kommune å bygge kulturhus, og det verker på meg som om dette vil angå veldig mange, fortset ho. – For SHA vil det å bli ein del av eit større kultur – og utviklingsmiljø by på interessante moglegheiter, og «trøkket» i denne organisasjonen vil absolutt kunne vere ein ressurs i eit slikt kulturhus. Stiftinga har allereie eit veldig breitt samarbeidsnettverk, noko som ein kanskje kan få utnytta enno betre i eit kulturhus, også fysisk.

-Eg vil òg leggja til rette for at styret og administrasjonen får nytta all den kompetansen som vi har i lag, og får synleggjort at SHA er mykje meir enn «berre» Hilmarfestivalen – sjølv om den er selvsagt er viktig, legg ho til.

-I tida framover vil eg lære meg meir om alt dette, og bli kjend med både organisasjonen og programskapinga det gler eg meg til!