HILMARPRISEN til John Pål Inderberg

Skjermbilde 2019-11-07 12.35.57

Vinnar av Hilmar Alexandersen musikkpris 2019 er musikaren John Pål Inderberg, (Trondheim/Steinkjer).

John Pål Inderberg er ein av Norges aller fremste jazzmusikarar og Norges fremste/ledande baryton- og sopransaxofonist. Han har spelt med dei fremste jazzmusikarane både her til lands og internasjonalt, og også spelt inn og deltatt på ei uendeleg rekke plater, både innanfor jazz og andre sjangrar.

 

John Pål Inderberg har fått fleire prisar, m.a. Buddy-prisen 1990, i 2008 Trondheim jazzfestivals ærespris og Lindemannprisen i 2010

 

John Pål er ein eminent artist som reiser verda rundt – men han har også gjort ein heilt uvurderleg og innsats – eller skal vi seie «gjerning» – som pedagog. I 1978 vart «jazzlina» i Trondheim vart starta opp og John Pål vart lærar ved Trøndelag Musikkonservatorium – seinare   professor. Det vart ei heldig kopling. John Pål vart i praksis 100 % musikar og 50 % pedagog – seier han sjølv.

Jazzutdanninga i Trondheim vart etter kvart den fremste i Skandinavia – og har vist resultat og gitt gjenklang utover heile jazzverda.

 

I dette studiet vart John Påls kjepphest – gehøret – det sentrale. Det vart – og blir – jobba med «planking»/herming og synging av musikk for så å omsette dette til improvisert musikk.  – Denne prosessen og metodikken er uhyre viktig, sier han. Vi skal plukke og herme etter heltane –  for paradoksalt nok å ikkje bli som dei, men å bli seg sjølv. Dette er det viktigaste sier John Pål, å bli seg sjølv, ei danningsreise. Og dette er akkurat det same som har skjedd i folkemusikken i alle tider, sjølv om det improvisatoriske på langt nær har vore det viktigaste og mest poengterte, men som har kome som eit naturleg resultat av gehørlæringa. Når det dermed vart sagt at Hilmar Alexandersen gjerne forandra på slåttane, var det hans – og folkemusikaren sin måte å vera seg sjølv på.

 

John Pål Inderberg er Steinkjer-gut, og sjølv om han flytta ut i unge år, har han alltid vore Steinkjer-gut og opptatt av Steinkjer og ikkje minst musikkmiljøet her. Dette engasjementet synest å ha vorti forsterka med åra, noko som også Hilmarfestivalen har nytt godt av. Hilmarfestivalen har ofte opplevd at John Pål berre har dukka opp uanmeldt og bidratt – ikkje som brautande «her kommer jeg», nei – med diskret og berikande musisering.

 

Både Hilmarfestivalen og Hilmarscena har ved fleire høve hatt gleda av å engasjere John Pål Inderberg som artist – i ulike settingar. Artisten og formidlaren når alle aldersgrupper, og at han også når eit ungt publikum, vart m.a. tydeleg å sjå på Midtvinterdansen i Verdalen i februar i år, der han, med  musikalske krumspring og munnrapp monolog, trollband også ungar heilt ned i førskolealder. Det hører med til historia at han på same konserten, i lag med Arve Tellefsen og Henning Sommerro, også fekk formidla Hilmarmusikk.

 

John Pål Inderberg er ofte kalla både jazzmusikar og folkemusikar – og spellmann. Han hører til generasjonen som fekk oppleve at sjangerbåsane innan musikken vart låst opp. Ikkje slik at sjangarar vart utviska, men at det vart legitimt både å blande sjangrar og å hente inspirasjon frå kvarandre – eller «stållå kunst» – som også Hilmar Alexandersen uttrykte det. Og nettopp her har John Pål Inderberg gjort ein viktig og uvurderleg innsats for «Hilmarmusikken». Han har tatt til seg melodiar frå Hilmar Alexandersen sitt repertoar; med stort hell gjort dei til sine eigne, og brukt dei i  ulike samanhengar. Slik har John Pål Inderberg gjort Hilmar Alexandersens namn og Hilmar Alexandersens musikk kjent for eit nytt og interessert publikum og for nye musikarar – eit publikum og musikarar som truleg ikkje hadde fått denne opplevinga og kunnskapen utan John Påls innsats og elegante bruk og formidling av denne tradisjonen.

 

John Pål stod også bak det første bestillingsverket som Hilmarfestivalen bestilte: Den forunderlege dansen vart framført på Hilmarfestivalen i 2006, og bygger på Hilmarmusikk. Dette har John Pål seinare tatt med ut i verda og spelt i fleire verdsdeler.

 

Jazzmusikaren, folkemusikaren og spellmannen, artisten og pedagogen John Pål Inderberg er ein svært verdig vinnar av Hilmar Alexandersen musikkpris 2019.

 

Utdeling

Prisen blir overrekt på Fargespill-konserten torsdag 7. november klokka 18.30 2019 i Dampsaga Kulturhus på Steinkjer under Hilmarfestivalen,

 

Tidligere vinnarar av Hilmarprisen:

Susanne Lundeng 1991, Knut Hamre 1992, Leif Inge Schjølberg 1993, Hans Brimi 1995, Sven Nyhus 1999, Petter Andreas Røstad sen. kvartett 2003, Geir Egil Larsen 2004, Majorstuen 2005, Annbjørg Lien 2006, Knut Buen 2007, Gunnar Stubseid 2008, Martin Myhr 2009, Kirsten Bråten Berg 2010, Einar Olav Larsen 2011, Sigrid Moldestad 2012, Arne M. Sølvberg 2013, Gjermund Larsen 2014, Frode Fjellheim 2015, Steinar Ofsdal 2016, Ingebjørg Bratland 2017 og Ragnhild Hemsing 2018.

 

Hilmar Alexandersen

Prisen blir delt ut til minne om den store spellmannen Hilmar Alexandersen (1902 – 1993): https://hilmarfestivalen.no/om-hilmar/

 

John Pål Inderberg uttaler:

Tusen takk for pristildelingen! Dette er både overraskende, inspirerende og ærefullt. 

 

Overraskende fordi jeg i stor grad har beveget meg innenfor improvisasjonsmusikk innen afrikansk-amerikansk jazz. 

Jeg forsøker å løse den vanskelige oppgaven å kombinere nordisk tradisjonsmusikk med jazz og det er derfor svært inspirerende å motta Hilmarprisen.

Ærefullt er det fordi prisen er til minne om en stor musiker og en svært betydningsfull musikktradisjon.

Gjennom denne tildelingen får jeg krefter til å fortsette samarbeidet med kunstnere og kulturarbeidere i et smalt og viktig musikkfelt. 

Hilsen en glad og takknemlig John Pål