GOD SOMMAR!

icecream

GOD SOMMAR!

Våren 2020 kjem vi til å hugse lenge!

Vi i Hilmarfestivalen har heldigvis ikkje blitt råka av koronaviruset personleg, men musikkbransjen generelt har jo hatt det tøft. Hos oss vart både Dagleg leiar og Arrangementssjef permittert i juni – men det løyser seg i haust!

Alle våre konserter etter 12. mars denne våren, vart avlyste. Dei fleste av desse vart utsett og kjem no i haust, så de har LITT av ein konsert-haust i vente!
(Sjølvsagt under føresetnad av at koronaen held seg unna…)

Det blir mellom anna konsert med både MOENJE og WE FLOAT i slutten av oktober – billettsalget starter i august.


DIGITAL SCENE

Då koronaen råka landet og alle konsertar vart avlyste, fann vi ut at det kunne gi Hilmarscena/Hilmarfestivalen ein puff til å bli meir digital. Vi planlegg mellom anna å kunne strøyme kommande konsertar, og vi har allereie arrangert fleire Fortellertimer i lag med Midtnorsk Fortellerforum og Vårt Hjem. Vi er takksame for stønad frå Steinkjer Kommune sitt “koronafond”, som gjorde at vi fekk kjøpt inn litt teknisk utstyr.

Vi har óg starta ein serie med KUNSTNARPORTRETT – du finn fleire interessante intervju på denne sida!

I tillegg arbeider vi med å samle andre interessante lenkjer knytta til Hilmarfestivalen – du finn nokre av dei her.


EVENTYRKONKURRANSE

 

Alle skule-elevar frå 1. trinn til vidaregående skule vert invitert til å delta på haustens store eventyrkonkurranse!

Vinnarane får ein sjekk på kr. 1.000,- til klasse-kassen, og sjølvsagt: Kake til heile klassen!

I fjor fekk vi inn om lag 125 eventyr – i år satser vi på det doble!!

PÅMELDINGSFRIST: Torsdag 10.september

INNLEVERINGSFRIST: Mandag 5. oktober

LES MEIR om Eventyrkonkurransen her!

Premieutdeling og framsyning på Den Store Fortellardagen, søndag 1. november.




Temaet for årets Hilmarfestival er “Drivkraft”!

Vi ser fram til å arrangere Hilmarfestival i 2020 også!
Det er sannsynleg at vi må ta omsyn til smittevern i ein eller annan form, men det er vi innstilte på å løyse på best mogleg måte – så det VERT i alle fall festival!

I årets program (som ikkje er offentleggjort enno – men det kjem!) finn du både kjende og nye artistar – og felles for dei alle er at dei GLER SEG til å komme til Steinkjer i veke 45!


VIL DU VERE FRIVILLIG??

Utan frivillige stopper Norge, heter det – og vi er særs takksame for å ha så mange positive frivillige med på laget – OG vi har plass til fleire!!

Som frivillig vert du ein viktig del av eit stort apparat! 

Her er nokre av oppgåvene du kan gjere:

  • Transport
  • Artistvert
  • Vakt
  • Mat
  • Programvert
  • PR


Du kan melde deg på som frivillig HER – det forpliktar deg ikkje til noko, men du får meir informasjon!



Då ønskjer vi deg ein riktig flott sommar – dette er truleg sommaren vi alle tar ferien i Noreg!

Og hugs: Det finst FLOTTE OPPLEVINGAR her i Innherred!! Berre sjå her!