Årets Hilmarfestival – nær deg!

PLAKAT Hilmarfestivalen_2020_TV_V1

Årets utgave av Hilmarfestivalen kjem tettare på deg!

Denne hausten blir ikkje som vanleg – heller ikkje for Hilmarfestivalen. Men: med nye rammevilkår kjem også nye moglegheiter!

Hilmarfestivalen vil ha “distribuerte” konsertar rundt om i heile Trøndelag, både før og etter den faste festivalveka. Under sjølve festivalveka vil mange av konsertane våre bli strømma, og dermed nå ut til eit mykje større publikum! Vi seier som Pippi: Det har vi aldri gjort før, så det klarer vi heilt sikkert! 

Det som óg er heilt sikkert, er at dette (også!) blir ein minneverdig festival! Vi får besøk av både nasjonale og lokale artistar – og programmet blir SNART offentleggjort!

Den store Forteljardagen i fjor vart verkjeleg ein stor suksess – så den kjem vi til å arrangere i år også, – sjølvsagt i høve til dei gjeldande smittevernreglar.

I samband med Forteljardagen innbyr vi til EVENTYRSKRIVEKONKURRANSE for alle skule-elevar i Steinkjer Kommune. Innbydingane er sendt ut – og ein kan óg lese meir HER!

ALLE KONSERTAR OG ARRANGEMENT vil bli arrangert etter dei til einkvar tid gjeldande smittevern-reglar, – det vil vera heilt trygt å komme på årets Hilmarfestival!