Velkomen til kurs og treningsøkter om munnleg historie og forteljarkunst i Steinkjer,
– 23.-25. sept. 2020
Egge Museum, Midtnorsk Fortellerforum, Hilmarfestivalen og Memoar samarbeider om tre dagar med kurs og trening i september. Munnleg historie og forteljarkunst er på mange måtar “to sider av same sak”: medan Memoar har som hovudfokus ta vare på og dokumentera munnleg kjeldemateriale, så har Midtnorsk Fortellerforum som hovudfokus å dyrka dei munnlege formidlingstradisjonane, både som folkeleg tradisjon og som kunstart. Hilmarfestivalen på sid side starta som ein folkemusikkfestival. Men dei siste åra har innhaldet i festivalen blitt utvida til også å omfatte andre sider av den immaterielle kulturarven – og dermed både munnleg historie og forteljarkunsten.
Kursstad: Egge Museum
I løpet av dei tre dagane skal vi lære av kvarandre – og eksperimentere med nye måtar å samarbeide på.
Vi skal gjennomføre og dokumentere intervjuopptak med verdi både som historiske/kulturhistoriske kjelder og som kjelder til utvikling av forteljarkunst. Og vi skal arbeide vidare med kjeldematerialet og “knekka kodar” for korleis autentiske forteljingar kan “vidareforedlast” til scenekunst.
Kanskje skal desse tre dagane starte ein prosess som skal bli synleg alt under Hilmarfestivalen i 2020.
PROGRAM
Onsdag 23. sept.
Kl. 10:00 – 12:00:
Frammøte – presentasjonsrunde. planar for dei tre dagane. Litt generelt om munnleg historie og forteljarkunst .
kl. 12:00 – 12:30:
Lunsj.
12:30 – 14:00
Intervjuopptak 1. Beate eller Bjørn intervjuar fyrste forteljar (info om kven kjem seinare). Vi andre er observatørar og kanskje medintervjuarar.
14:00 – 14:30 – Pause
14:30 – 16
Intervjuopptak 2. Bjørn eller Beate intervjuar andre forteljarar (info om kven kjem seinare). Vi andre er observatørar og kanskje medintervjuarar.
kl 16:00 – Slutt dag 1.
|
Torsdag 24.sept
Kl. 09 – 11:30:
Vi diskuterar opptaka i går – både om intervju-metode og om innhaldet i intervjua. Verdien av opptaka som historisk og kulturhistorisk kjeldemateriale. Vi leitar etter særskilte “gullkorn” eller “nøklar” som kan eigne seg i formidling. Og vi diskuterar forteljarmåtar og korleis slike intervju kan vera “råstoff” for forteljarkunst.
11:30 – 12:00 – Lunsj.
12:30 – 14:00:
Om munnleg historie: Visjonen om store samlingar av munnleg kjeldemateriale – eit “munnleg riksarkiv” – dokumentasjon og emneord (“logging”) av munnlege kjelder – infrastruktur for samarbeid og deling – formidling – (tagging – geolokasjon – stubbar – musé – skuleprosjekt – den internasjonale oral history-rørsla – Senter for munnleg historie.
14:00 – 14:30 – Pause
14:30 – 15:30: Planar for morgondagen: la oss lage forteljingar.
15:30 – slutt
|
Fredag 25. sept
kl. 09:00 – 11:30:
Om forteljarkunst: Kva gjer ei forteljing til kunst? Ulikskapane mellom skriftleg og munnleg kultur. Det du seier og det du gjer – ord kontra kroppsspråk. Det du seier og det du ser – ord kropp og indre bilde. Litt dramaturgi. “Orkanens øye”.
11:30 – 12:00 – Lunsj
12:30 – 14:00:
Vi arbeider med å utvikle element frå intervjuopptak onsdag til forteljingar. (4 Gruppearbeid). Kroppsspråk, komprimering, forsterking. Kommunikasjon med publlkum. Etikk.
14:00 – 14:30: Pause
14:30 – 15:30:: Premiere på fire anslag til forteljingar. Planar framover mot Hilmarfestivalen. Evaluering.
15:30 < Slutt – Middag for alle som har tid.
|