Juledrøm
5. desember 2020
16:00 - 17:00
Egge Museum
Egge Museum, Egge alle, Steinkjer, Norge
Kjøp billetter
Vi ønsker velkommen til Majorstuens siste konsert i Trøndelag på Egge Museum lørdag 5.desember klokka 16.00. Etter tyve år i musikkens tjenseste gir dei seg på topp.
Juledrøm er ei hylling til den folkelege julemusikken, og femner like gjerne om det lystige og skjemtete, som det høgtidelege og ettertenksame. Akkurat slik som jula rommar mange ulike stemningar.
Med Juledrøm byr Majorstuen på tradisjonelle julesongar, så vel som nye melodiar og tekstar signert bla. Ove Røsbak og utøvarane sjølv. Og som vanleg, har dei sett sin heilt spesielle signatur på det heile.
Det Spellemann-nominerte albumet med same namn kom ut i 2006, og sidan den gongen har Majorstuen med jamne mellomrom turnert med konserten der dei har fått følge av nokon av landets alle fremste folkesongarar.
På sin siste Juledrøm-konsert har dei invitert med seg songsolistane Malin Victoria Alander og Katerine Nybakken – to spennande unge stemmer som på kvart sitt vis forgyller songskatten på ein vindunderleg måte.
Medverkende:
Jorun Marie Kvernberg – fele
Bjørn Kåre Odde – fele og bratsj
Synnøve S. Bjørset – fele
Tove Hagen – fele og cello
Anders Löfberg – fele og cello
Malin Victoria Alander – vokal
Katerine Nybakken – vokal