Hilmarfestivalen

Hilmarfestivalen er ein av Noregs største folkemusikkfestivalar. Kvart år blir ca 150 artistar presenterte gjennom rundt 70 ulike festivalarrangement, til 9 000 besøkande. Programmet er tilpassa alle aldrar, med eige barneprogram og ungdomsprogram, og i tillegg med fri aldersgrense på sjølve festivalen.

Hilmarfestivalen har fokus på folkemusikk, men opnar òg dørene for musikk som lever på grensa av dette, eller vippar over mot heilt andre sjangrar. Festivalen har av media blitt omtalt som «en nasjonal begivenhet og folkefest» .

Hilmarfestivalen tilbyr opent dansegulv med levande musikk både på dagtid og kveldstid, kanskje finn du til og med konsertar det er meint å danse til?!

Hilmarfestivalen blir arrangert i veke 45 kvart år.
I 2019 er datoane 2.-10. november.

Hilmarfestivalen og Steinkjer ønsker alle publikummarar velkomne til kommunen med slagordet «åpen, lys og glad».

 

FILM FRÅ 2017:

Arrangement