Stiftinga Hilmar Alexandersen har hovudkontor i Steinkjer og arbeider for bevaring og utvikling av tradisjonskulturen, spesielt folkemusikk og folkedans.
Formålsparagraf
Stiftinga Hilmar Alexandersen er ei ideell stifting. Stiftinga skal vere ein arena for å fremje tradisjonskultur og kultur som næring. Stiftinga har som formål å gjennomføre ein årlig folkemusikkfestival med konsertar, kurs og andre aktivitetar knytt til tradisjonsmusikk, -song og -dans gjennom Hilmar Alexandersen folkemusikkfestival og andre aktivitetar gjennom året i tråd med formålet.
Stiftinga kan i dag seiast å ha fire ulike hovudarbeidsområde:
1 - Hilmarsentret
Arbeider med immateriell kulturarv generelt. Sentret inneheld mellom anna Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans (MSFF) som arbeider for å utvikle sjangeren, spesielt med tanke på å styrke arrangørar, profesjonelle utøvarar og rekruttering.
2 - Arrangement
- Hilmarfestivalen kvart år i veke 45
- Hilmarscenen. Arrangerer konsertar året rundt i heile Trøndelag
- HilmART –kunstprogram under Hilmarfestivalen og utstillingar gjennom året
3 - Prosjekt
Eksempel på prosjekt som Stiftinga som har gjennomført
- Bygda Dansar i Nord-Trøndelag: Trø te’ (2011-2013) - i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans
- Interregprosjektet: Bygdene Dansar (2012/13) - i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans
- Nordlek-stemnet (2012) for Noregs Ungdomslag
- Landsfestivalen for folkemusikk (2014) for FolkOrg
- Sekretariat for Nordlek-organisasjonen (2013 - 2018)
- Å få oppført statue av Hilmar Alexandersen (2014)
- Hilmarfest i 10 år – jubileumsbok om Stiftinga Hilmar Alexandersen (2016)
- Innsamling av immateriell kulturarv i Henning (2016) i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans
- Trøndersk helg i Oslo – 10. - 11. mars 2017 i samarbeid med Riksscenen
- Støtte til etableringa av Folkemusikksamlinga i Nord-Trøndelag (2017-2018)
- Samarbeidsprosjekt mellom reiselivsbedrifter og musikarar for auka sal av trøndersk kultur (2016 - 2019).
4 - Formidling - sal
Norwegian Folk Management:
Stiftinga har eit heileigd dotterselskap: Hilmar AS, som arbeider med kommersialisering og sal av folkemusikk og folkedans og anna norsk kultur nasjonalt og internasjonalt.
Styret i Stiftinga
- Turid Hifstad, styreleiar
- Anne Haga, nestleiar
- Einar Olav Larsen
- Grete Waaseth
- Bjørn Ludvig Bergsmo
Grunnfondsinnskytarar
- Steinkjer Kommune
- T:lab
- FolkOrg
- Steinkjer kunstforening
- BUL i Nidaros
- Noregs Ungdomslag
- BUL i Steinkjer
- Dampsaga Bad og Kulturbygg
- Verdal juniorspellmannslag
- Inntrøndelag Ungdomssamlag
- Nord-Trøndelag musikkråd
- Sør Trøndelag Ungdomslag
- Trøndelag Folkemusikklag