Arkivseminar med Memoar og Arkivformidling Trøndelag

7. november 2020

10:00 - 11:00

BUL Steinkjer

Skolegata 3, 7713 Steinkjer, Norge

Kjøp billetter

Dokumentasjon og formidling av munnleg kjeldemateriale

Bjørn Enes, leiar av den frivillige organisasjonen Memoar, og Marit Vestrum, prosjektleiar ved Arkivformidling Trøndelag fortel om og samtalar kring dokumentasjon og formidling av munnlege kjelder. Det vil òg bli vist eksempel på arkivmateriale med folkemusikk- og folkedans frå Trøndelag og fortellingar frå arkivet til Memoar.

Memoar driv med innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av munnleg historie (“oral history”). I hovudsak samlar dei inn munnleg primærkjeldemateriale i form av videointervju, i geografiske (lokalhistoriske) eller tematiske innsamlingsprosjekt (Tema kan vere f.eks. yrkes-, kultur-  eller tradisjonshistorie).

Prosjektet Arkivformidling Trøndelag er drive av Norsk senter for folkemusikk og folkedans i samarbeid med regionale aktørar innan folkemusikk- og folkedansfeltet i Trøndelag. Målsettinga er å etablere ei stilling med oppgåvene dokumentasjon, bevaring, tilgjengeleggjering og formidling av arkivmateriale med folkemusikk og folkedans frå Trøndelag.

 

Seminaret blir arrangert i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans, og Memoar.

Kjøp billetter