Blåskilt i sentrum
1. november 2020
16:30 - 16:45
Steinkjer Sentrum
Kjøp billetter
Oppsetting av BLÅSKILT i sentrum
Steinkjer kommune har nokre år hatt eit prosjekt gåande der historiske bygg har fått blåskilt. Dei tre første bygningane av kulturhistorisk interesse i gjenreisingsbyen Steinkjer fekk sine “blå skilt” i november 2017. Skilta gir enkel informasjon om gårdens opprinnelege namn, f eks,”Rolf Hanssen-gården”, byggeår, byggherre, arkitekt, opprinneleg funksjon osv. Rett under finn ein eit mindre skilt med lenke til nettstaden www.stkjer.no. Her finn ein utfyllande opplysningar og dokumentasjon omkring bygningen.
No vil også Kristofer Uppdal få sine 2 Blåskilt. Men sjølve husa der Uppdal budde og arbeidde gikk tapt under andre verdskrig. Skilta blir dermed plassert på eksisterande bygningar som står der dei nedbrente husa i si tid stod. Robert Østi har vore prosjektleiar for blåskilta i Steinkjer og vil stå for markeringa/oppsettinga. Tekstene på skilta blir slik:
KRISTOFER UPPDAL/JAKOB WEIDEMANN BARNDOMSHEIM
Huset til vognmann Sivert Opdahl (1855-1955) lå før 1940 i dagens Erik Jarls gate 27. Her bodde sønnen Kristofer Uppdal (1878-1961) fra 1883 til 1888 og Siverts barnebarn Jakob Weidemann (1923-2001) fra 1923 til 1934. Huset gikk tapt under bombingen 1940.
KRISTOFER UPPDAL – INNHERREDSPOSTEN: Avisa Inntrøndelagen og Kristofer Uppdal. Her lå avisas redaksjon og trykkeri før 1940.Kristofer Uppdal (1878-1961) var journalist i avisa i 1902-03 og budde her. Huset gikk tapt under bombinga 1940.