Blueskonsert/Diktpøb: Uppdal i blåsona
1. november 2020
19:30 - 20:30
Vårt Hjem, Steinkjer
Kjøp billetter
NB! Begrensa antal billettar – førehandstinging via link
Både Blues-musikken og Kristofer Uppdals dikting gir eit bilde av menneske under vanskelege livsvilkår. Bluesen oppstod i samfunn prega av dårlege sosiale kår og undertrykking i dei amerikanske sørstatane. Kristofer Uppdals barne- og ungdomsår var prega av dårlege sosiale kår. Alt som barn måtte han bort frå heimen. Han måtte leve som gjetargut under et lite trivelig regime. Dei sosiale tilhøva omkring vegen hans inn i arbeidslivet, kunne likne mye på situasjonen for dei svarte slavearbeidarane.
Prosadiktaren og lyrikaren Uppdal går hand i hand. Det vil bluesgitarist Jan Erik Moe og opplesar Knut Jørgen Nonstad vise publikum. Både reine vers og prosabitar vert lesne til bluesfølgje. Lange sekvensar i bøkene har rytme, bokstavrim som gjer dei til reine prosalyrikken, eller dei har meiningsinnhald som knyt dei tett opp til dikta hans.
Knut Jørgen Nonstad
Vi må ha påmelding/førehandstinging av billettar på grunn av koronarestriksjonane – det er begrensa plass. Gå inn på lenka https://forms.gle/QNKi3daP1hXEWXfN9 og bestill billett.
Styremedlem i Kristofer Uppdals venner Dag Haugen ønsker velkommen