FIRO i Ullvaren, Namsos
29. september 2020
19:00 - 20:30
Ullvaren Kafé, Namsos
Th. Sommerschields gate 5, 7800 Namsos, Norge
Kjøp billetter
Folkemusikkgruppa FIRO består av Mari Midtli (vokal), Bjørn Kåre Odde (fele og bratsj), Mads Erik Odde (trekkspel) og Torfinn Hofstad (fele, gitar og mandolin).
Dette er allsidige musikarar som alle har utmerka seg både som solistar og i forskjellige konstellasjonar.
Musikken FIRO spelar er i hovudsak retta mot den tradisjonelle vokale folkemusikken i Gudbrandsdalen, med innslag av slåtte- og rundansmusikken. FIRO leitar fram gamle viser og stubber som ikkje har vore nytta før, og bruker stoffet i nye og spennande arrangement. Mykje av repertoaret er henta frå arkivopptak og notar, og FIRO ivrar etter å synleggjera dette stoffet.
Medlemmane i FIRO trakterar fleire instrument kvar, og på den måten blir spennet i lydbilete og arrangement stort.
FIRO har gjeve ut to album; «Arv og slarv» i 2017 og «Det var en lørdagsaften» i 2019.