Hilmarfestival med Uppdal-pub
6. november 2025
20:00 - 21:00
Steinkjer kulturhus, Foaje Petit Famille
Steinkjer Kulturhus, Jakob Weidemanns gate, Steinkjer, Norge
Kjøp billetter
Hilmarfestival med Uppdal-pub
Ta med deltagerbevis
Få med deg ei fin kveldsstund i Petite Famille der du blir betre kjend med Sigbjørn Obstfelders tekster! Torstein Andersen er frilans skodespelar og lagar sine eigne oppsettingar som han turnerer med over heile landet. For tida har han fordjupa seg i m.a. Sigbjørn Obstfelder. Dette er innfallsvinkelen for å opptre i regi av Kristofer Uppdals venner under årets Hilmarfestival. Uppdal og Obstfelder er dei to forfattarane som blir rekna som dei som innførte modernismen i norsk litteratur. Obstfelder er særleg kjent for å skildre det moderne menneskets framandgjering og einsemd. Uppdal vart nok kjent med modernismen – og innafor dette ekspresjonismen – da han var i Tyskland i ein lengre periode vinteren 1913-14. Det er kanskje Altarelden som står som Uppdal si mest kjende samling, og som òg inneheld flest dikt som utan vidare knyt han til ekspresjonismen.
Men Uppdalpuben består ikkje berre av dikt og modernisme! Torstein Andersen deler scene med Jovan Pavlovic. Jovan er ein serbisk-norsk akkordeonist og komponist. Han blir sett på som ein av Europas mest framtredande utøvarar innan world music, jazz og folkemusikk. Han er kjent for sin unike evne til å smelte saman element frå klassisk musikk, jazz og tradisjonell folkemusikk, og virtuositeten hans har sett nye standardar for dagens akkordionspel.