Juledrøm

5. desember 2020

16:00 - 17:00

Egge Museum

Egge Museum, Egge alle, Steinkjer, Norge

Kjøp billetter

Begrenset antall plasser. Vi oppfordrer alle om å kjøpe billett på forhånd.  

 

Vi ønsker velkommen til Majorstuens siste konsert i Trøndelag på Egge Museum lørdag 5.desember klokka 16.00. Etter tyve år i musikkens tjenseste gir dei seg på topp.

Juledrøm er ei hylling til den folkelege julemusikken, og femner like gjerne om det lystige og skjemtete, som det høgtidelege og ettertenksame. Akkurat slik som jula rommar mange ulike stemningar.

Med Juledrøm byr Majorstuen på tradisjonelle julesongar, så vel som nye melodiar og tekstar signert bla. Ove Røsbak og utøvarane sjølv. Og som vanleg, har dei sett sin heilt spesielle signatur på det heile.

Det Spellemann-nominerte albumet med same namn kom ut i 2006, og sidan den gongen har Majorstuen med jamne mellomrom turnert med konserten der dei har fått følge av nokon av landets alle fremste folkesongarar.

På sin siste Juledrøm-konsert har dei invitert med seg songsolistane Malin Victoria Alander og Katerine Nybakken – to spennande unge stemmer som på kvart sitt vis forgyller songskatten på ein vindunderleg måte.

 

Medverkende:

Jorun Marie Kvernberg – fele

Bjørn Kåre Odde – fele og bratsj

Synnøve S. Bjørset – fele

Tove Hagen – fele og cello

Anders Löfberg – fele og cello

 

Malin Victoria Alander – vokal

Katerine Nybakken – vokal

Kjøp billetter

Begrenset antall plasser. Vi oppfordrer alle om å kjøpe billett på forhånd.