Det framande landet – ei konsertframsyning
24. september 2025
19:30 - 20:30
Steinkjer kulturhus, Foaje
Hegdahl-gården, Kristofer Uppdals gate, Steinkjer, Norge
Kjøp billetter
Gratis - ingen påmelding
Arrangementet er ein del av LITT.MIDT – litteraturfestivalen i Midt-Noreg,
I denne unike konsertframsyninga møtest skodespelar Torstein Andersen og jazzmusikar Håkon Mjåset Johansen for å gi nytt liv til Carl Frode Tillers første diktsamling, “Det framande landet”.
Tiller sjølv kallar det eit langdikt om kreativitet, skaping og overleving. Det slyngjer seg gjennom tider og hendingar, fram og tilbake i menneskets historie, utan kronologiske eller logiske grenser. Elvis møter neandertalarar. Dei tidlegaste jegarane skyt piler i Louvres montre. Historia går i spiral, og verda må skapast på nytt – igjen og igjen.
Kom og opplev ei musikalsk og litterær reise der alt krasjar med alt, og ingenting er tilfeldig.


Arrangementet er ein del av LITT.MIDT – litteraturfestivalen i Midt-Noreg, og blir arrangert i samarbeid med Hilmar året rundt
Kjøp billetter
Gratis - ingen påmelding
Arrangementet er ein del av LITT.MIDT – litteraturfestivalen i Midt-Noreg,