Uppdal i Ogndalen
5. november 2023
17:00 - 19:00
Gildevangen
Gildevangen forsamlingshus, Ogndalsvegen, Steinkjer, Norge
Kjøp billetter
Uppdal i Ogndalen
Kristofer Uppdal var fødd i Beitstaden, men vaks opp og gikk på skolen i Ogndalen. Her budde Kristofer heile sin barndom/ungdom frå han tok til på barneskolen på Skei og til han reiste til Namdals folkehøgskole som 18-åring. Vi har lagt eit arrangement under Uppdaldåggån til Gildevangen, lagshuset til Ul Ogna som Kristofer Uppdal var med på å stifte i 1896. Kristofer Uppdals uoffisielle forfattardebut var i det handskrivne bladet til Ul Ogna – Hermod. På arrangementet på Gildevangen vil vi få høyre litt om Uppdal si tid i Ogndalen hos slektningen og lærarbonden Ernst Kvarving i Stensenget. Ellrun Ystad var i mange år leiar og drivkrafta i Kristofer Uppdals venner. Ho har sett tone til mange av Kristofer Uppdal sine dikt og vil framføre nokre av desse. Ei gruppe elevar ved Ogndal skole vil heidre bygdas store forfattar ved å framføre musikk innøvd på skolen. Kanskje blir det også leikframsyning. Klara Semb laga dansemåte til diktet Ei veitj søng – budeivisa. Arrangementet er eit samarbeid med Ul Ogna og Ogndal Historielag.
Gildevangen søndag 5. nov kl 17.00