Hilmarfest i 10 år

09791_hilmarfest_i_10__r_1

Ny jubileumsbok

Stiftinga Hilmar Alexandersen vart stifta i 2005, og vi har gitt ut ei bok basert på dei første ti åra i Stiftinga sin regi. Det er 60 % bilder i boka – og mye interessant lesestoff. Er du på jakt etter julelesing, eller ei julegåve, er dette eit fint forslag. 

Med stort og smått har det blitt nærmare 1000 enkeltarrangement. Boka Hilmarfest i 10 år fortel denne reisa: forhistoria, utviklinga og minna frå dei ti første festivalane. Både i ord og bilde, med stemmane og blikka til dei som har gjort jobben, dei som har stått på scena og publikum.

Festivalhistoria blir ramma inn av Stiftinga Hilmar Alexandersen sine andre aktivitetar: omdømmebygging, opplevingsproduksjon, aktivitetar for barna og unge, artistformidling og bransjeutvikling. Til saman har dette gjort tradisjonskulturen meir levande for publikum og meir leveleg for utøvarane.

Hilmarfestivalen fremjar tradisjonskulturen ved å utvide omgrepet: Paradoksalt, umulig og sjølvsagt. Gjennom ein trygg ståstad, sjangerblanding, mangfald og nye uttrykk har festivalen utvikla omgrepet tradisjonskultur. Akkurat som Hilmar − som med den unike musikaliteten sin lefla med fleire stilartar og blei både rikskjendis og popartist på sine eldre dagar.

Odd Sæheim, Morten Stene og Jostein Aardal har vore redaksjonsnemnd.

Pris Kr. 200,- Kjøp den her