20. – 21. mars 2017 skal Stiftinga Hilmar Alexandersen vere vertskap for eit nordisk nettverk av instruktørar i UNESCOs konvensjon for vern av immateriell kulturarv.
Styret i Stiftinga Hilmar Alexandersen har bedt Trøndelag forskning og utvikling AS ved Morten Stene om å lage ei utgreiing om eit muleg framtidig senter som kan arbeide for å styrke all immateriell kulturarv i Midt-Norge, ikkje berre folkemusikk og folkedans. Utgreiinga skal vere ferdig til mars.
I sitt alternative Statsbudsjett hadde Venstre lagt inn eit forslag om auka støtte til Stiftinga Hilmar Alexandersen sitt arbeid med dette feltet, og Stiftinga har innleia eit samarbeid med ei rekke organisasjonar på dette feltet.
No sist har vi vore med på eit internasjonalt prosjekt leia av Stiftinga for folkemusikk og folkedans, og der også Steinkjer kommune og den islandske organisasjonen Tjodlist var partnarar. I dette prosjektet testa vi mellom anna ut eit registreringsskjema for det nasjonale registret for kulturarv på bygda Henning i Steinkjer kommune ved bruk av Bolyst-modellen til Steinkjer kommune. Norsk Kulturråd vil lansere ein nasjonal portal for registrering av kulturarv i løpet av første kvartal 2017, og der har dette prosjektet vore med og levert bakgrunnsmateriale.