Hilmarkonserten 2019

Bjørka_s3

Eit musikalsk mestermøte

Andreas Bjørkås blir årets solist til den tradisjonsrike Hilmarkonserten under Hilmarfestivalen i november.Han kjem frå ein familie med fleire aktive folkemusikarar. Han lærte felespill og slåttemusikk av fleire spellmenn i Oppdal.

Etter oppveksten i Oppdal gjekk ferda vidare til folkemusikklinja ved Vinstra vidaregåande skule. Her kom han inn i eit miljø kor fleire medstudentar sidan har blitt markante skikkelser i norsk musikkmiljø generelt, og innan norsk folkemusikkmiljø spesielt.

Etter dette studerte Bjørkås både folkemusikk og klassisk ved Norges Musikkhøgskole. Her hadde han Per Sæmund Bjørkum, Håkon Høgemo og Terje Moe Hansen som felelærere.

Bjørkås har deltatt på kappleiker i en årrekkje, og vunnet sin klasse fleire gonger. I 2013 vant han kongepokalen i fele klasse A på Landskappleiken på Røros, og har vunnet denne klassen totalt 5 ganger.

Som solist har han opptrådt i ei rekkje samanhengjer – på konsertar, dansespillingar, som solist med orkester, og i radioprogram. Med folkemusikk- og gammeldansgruppa Nordafjells, spilte han gjennom en årrekke til dans, i konkurranse og til konsert. Nordafjells vant gruppespill på Landsfestivalen i 2007, var NRK sin utsending til EBU’s Eurofolk i 2008 og nådde også finalen i INTRO-folk i 2009.

Bjørkås arbeider i dag som utøvande felespiller og fiolinist, felelærar ved Trondheim kommunale kulturskole, og førsteamanuensis ved Norges Musikkhøgskole i Oslo.

Bjørkås liker å fornye og eksperimentere innanfor tradisjonenes rammer, og komponerer også musikk. Han er også fast arrangør for flere spellmannslag.

Han har gitt ut to plater med gruppa Nordafjells, og kom i 2011 ut med egen solo-CD, “Veiskille”. I 2015 ga han ut plate med Andreas Bjørkås Trio. I tillegg har han medvirket på andre utgivelser. I 2019 ga han sammen med sin onkel, Sverre Bjørkås, ut ei notebok med slåtter av Oppdalsspellmannen Gunnar Bjerkås.

Andreas Bjørkås har særlig fordjupa seg i feletradisjonane frå Oppdal og omegn, Ottadalen og Rørosområdet. Han trakterer også hardingfele.

Til årets Hilmarkonsert får han med seg trekkspelaren Mads Erik Odde frå Garmo i Lom.

Mads Erik Odde

Mads Erik Odde er ein av dei fremste utøvarane i landet på sitt instrument. Mads Erik er mykje nytta som dansespelemann og instruktør, og er blant anna medlem i konstellasjonar som Lendmenn, FIRO og Gjevre, Odde & Vårdal.

Han har utdanning frå folkemusikklina på Vinstra og Norges musikkhøgskule, der han fullførte mastergraden i 2017. I tillegg til å vere lærar i Lom og Skjåk Kulturskule, jobbar Mads Erik som frilans musikar.

Konserten med Andreas Bjørkås og Mads Erik Odde blir fredag 8.november 2019. Enkelt-billetter til konserten blir lagt ut for salg seinare, men du kan allereie no kjøpe FESTIVALPASS til Hilmarfestivalen 2019.