– Strålande, absolutt heilt strålande!

DSC_0044

Nærare 500 cruiseskip-turistar trollbunde av norsk folkemusikk og -dans

Cruiseskip-turistar er vane med topp kvalitet, og forventar det aller, aller beste når dei samlast til underhaldning om kvelden. Forventningane var derfor skyhøge onsdag (29.5) på cruiseskipet AidaVita, som då låg ved kai i Trondheim. Nokre av turistane hadde allereie fått eit lite glimt av bunadskledde nordmenn, og nytta høvet til å fortelle andre reisande om dei norske draktane, men lurte fælt på kva som var kveldens underhaldning.

Dei vart ikkje skuffa.

Søndre Trondhjem Spellmannslag med Einar Olav Larsen og Torfinn Hofstad varta opp med det aller beste. Turistane fekk høyre både lokale slåttar og høyre/sjå ymse lokale runddansar, til dømes reinlender frå Innherred og pols frå Røros.

Her er åpningsnummeret frå forestillinga:

Dette cruiseskipet hadde i hovudsak tyske turistar ombord, og då var det godt å kjenna at “skoletysken” betalte seg ved at ein kunne forstå dei positive kommentarane som summa gjennom forsamlinga. – Strålende, fantastisk, så dyktige dei er!

Einar Olav Larsen

Publikum fekk òg høyre Einar Olav Larsen fortelle om nasjonalinstrumentet Hardingfele og om den lokale spellmannen Hilmar Alexandersen, før han spelte slåtten “Prillarguri” til eit trollbunde publikum.

Stiftinga Hilmar Alexandersen har gjennom “underavdelinga” Norway Folk Management nett kome inn på markedet når det gjeld å levere denne typen kulturinnslag til cruiseskip. Vi er særs nøgde med samarbeidet med Søndre Trondhjem Spellmannslag, og ønskjer å vidareutvikle dette framover.

Etter tilbakemeldingane å døme onsdag kveld, kjem kanskje oppdragsgivarane til å stå i kø!

(Tekst og foto: Kristin Myrmel)