Mannen og musikken

DSC_0006

-Eit møte med Geir Egil Larsen


Det angar av forsommar den dagen vi tar turen på besøk til Geir Egil Larsen, ein nestor innan formidling av tradisjonsmusikken. Han tar imot oss på tunet, og fortel litt om Verdalsbygda.

-Eg vaks opp der borte, seier han, og peiker over vegen.

No bur han i sjølvbygd hus, medan sonen Einar Olav har tatt over kårboligen til Geir Egils foreldre.

Oppvekst og ungdomstid

Begge foreldra til Geir Egil var aktive i Noregs Ungdomslag, og dreiv med folkedans i unge år. Dei var særs interesserte i gammaldans og song og musikk.

– Eg hadde eldre brør som spelte til dans i ungdoms år, og bror min, Øystein, vart etter kvart medlem i P.A Røstads orkester, fortel Geir Egil.

– Sjølv vart eg kjend med Hilmar i 1968, og han var då ute etter ein samspelpartnar. Då fekk eg ordna eit møte mellom Petter Andreas Røstad og han Hilmar – så då starta dei å spele i lag.

– Hilmar var kresen på medmusikantar, fortset Geir Egil, -men dette vart full klaff. Det var starten på storheitstida for Hilmar.

Hilmar Alexandersen var radiokjendis frå tidleg 50-tal, innan folkemusikk. Sven Nyhus har skrive ned mye musikk etter Hilmar.

Det var klarinett som var Geir Egil sitt hovudinstrument i ungdommen. – Eg starta i skolekorpset her , og seinare spelte eg klarinett i Gardemusikken. Men – eg spelte jo litt fiolin òg, som gutungen.

-I ungdoms år var eg dansar, eg dansa gammaldans og folkedans, fortel han vidare.

Folkemusikk var eit ukjent omgrep innover i bygdene her, det høyrde vi om på radioen, – her vart det kalla gammaldans, og polsdansen var ein naturleg del av det. 

Musikalsk skjelsettjande oppleving

Nokre gongar opplever vi alle noko som set spor og fører oss i ei ny retning. Reint musikalsk skjedde dette med Geir Egil då han var i starten av tjueåra.

-Det var faktisk mens eg var i Gardemusikken, i det Herrens år 1965, at to kompisar innan folkedansmiljøet i Oslo spelte eit opptak av Egil Storbekken sin Fjelltrall for meg – og da var det gjort. Da fann eg eit instrument som kunne definerast meir inn i folkemusikktradisjonen, og som passa meg. Da gjekk det fort å bli tussefløyte-spellmann.

Geir Egil har vore med på fleire Landskappleikar. Han deltok for fyrste gong i 1969, og feirar dermed 50-års jubileum på årets Landskappleik.

-Eg har faktisk vunne Landskappleiken fleire gongar, både på tussefløyte, seljefløyte, bukkehorn og meråkerklarinett.

Geir Egil Larsen på bukkehorn

V

For nokre år sidan var Geir Egil med på ein dokumentasjons-CD for meråkerklarinett og bukkhorn med flis:

CD

-Ein må vera sterk i trua for å høyre den CD`en i eitt, ler han høgt, -for ikkje minst «flishornet» kan bli ganske «intenst» i klangen.

Geir Egil Larsen på meråkerklarinett

Den pedagogiske formidlaren

-Eg såg etter kvart at det var få frå min generasjon og yngre som hadde tradisjonsmusikken under huda, så eg øvde meir på fiolin for å forstå meir sjølv. Dess meir ein kan, dess meir forstår ein, seier Geir Egil tankefullt.

-Det var faktisk etter at eg vart kjend med Hilmar at det vart fiolspelling igjen. Hilmar var “handelsmann”, veit du, og det gjekk ikkje lang tid før han hadde selt meg ein fiol. Med kvart selde vi (bytta vi) mange fiolar att og fram – og alltid betalte eg i mellom, sjølv om det av og til var same fiolen som gjekk att og fram, ler han

Geir Egil har óg vore rektor i kulturskolen i Verdal.

-Då eg tok over som rektor låg samspelltilbodet så godt som nede, fortel han. -Eg følte eit visst ansvar for å få dette til å fortsetje, og slik vart Verdal juniorspellmannslag danna.

-Så vart vi utan fiolinlærar, og da måtte eg ta over der. Notehefta kom som eit resultat av det, eg såg at det var noko eg kunne kalle «lausstrengs-komp», slik at nybyrjarar kunne vere med i samspelet frå fyrste stund.

Det lokale namnet for fiolin er «fiol», og notehefta til Geir Egil heiter «12 fiolslåttar.»

-Eg veit kor svenskane har fått namnet på fiolinen frå, fortset han. – Kontakten aust/vest her i dette området har påverka musikken på begge sider av grensa. Den kontakten har bestandig vore sterk, det ser vi mellom anna på historia til Marsimartnan på Levanger.  Veit du, i 1683 vart det talt 721 «körkarlar» – med hest og slede –  frå Jämtland og 1176 jämtar på Levanger, og kontakten aust/vest har alltid vore viktig. Det er ikkje tilfeldig at Olav den Heilage kom til Stiklestad, han følgde ferdselsvegen, seier Geir Egil.

– Av og til er eg pensjonist, òg! 

Geir Egil er eigentleg pensjonist, men underviser på fele i Meråker ein gong i veka, og er musikalsk leiar for Verdal Juniorspellmannslag, og ikkje minst festivalsjef for den store Midtvinterdansen.

Midtvinterdansen samlar omkring 300 born og unge. Geir Egil sitt store engasjement er påtakeleg når han fortel om arrangementet.

-Kvart år kjem det mange deltakarar frå Sverige til Midtvinterdansen, –  to minibussar heilt frå Umeå, og busslastar frå Jämtland, og i år kom det for første gong også ein buss med deltakarar frå Sundsvall og kringliggjande kommunar, seier Geir Egil entusiastisk. -Om lag kvart fjerde år kjem det òg ein busslass frå Kaustinen i Finland, og vi har også hatt deltakarar frå Danmark, Tyskland og Latvia.

Kva tenkjer du om framtida for folkemusikk og folkedansen?

-Det har aldri før vore så mange dyktige unge som speler på eit så høgt nivå. Tradisjon, eksperimentering og nyskaping skjer side om side, det er verkeleg flott. På kort sikt er eg ikkje bekymra for folkemusikken, men eg er meir bekymra for folkedansen, den har fått dårlegare kår. Som med alt anna konkurrerer ein kanskje med idretten, og med andre fritidsaktivitetar, seier Geir Egil, tankefullt.

-Born og unge må få oppleve dette sjølv, må få vere ein del av eit miljø der det er eldsjeler som brenn for tradisjonsmusikk-kulturen, og – dansen, og som er interesserte i å formidle vidare til born og unge!

Eldsjela Geir Egil Larsen blir 75 år hausten 2019, og ein kan ikkje overdrive den innsatsen han har gjort for folkemusikk og – dans gjennom åra.

Han har deltatt på konsertar og festivalar i inn- og utland, og gjort fleire plateinnspelingar (den første alt i 1973), og ein periode var han den artisten med flest konsertdagar for Rikskonsertane (storparten av desse skolekonsertar). I lag med kona, Maj Brit, har han halde tallause dansekurs. Han dirigerte òg Verdal mannskor i over 40 år.

For innsatsen sin har han mottatt ei lang rekkje stipend, prisar og utmerkingar, og i 2013 vart han tildelt Kongens Fortenestemedalje.

Geir Egil Larsen blir 75 år i desember 2019.

Under årets Hilmarfestival blir det skipa til en eigen Hyllingskonsert for Geir Egil, med fleire prominente gjestar. Ettersom innhaldet i konserten skal vere litt overraskande for jubilanten, må deltakarane førebels haldast hemmeleg – men denne konserten vil du ikkje gå glipp av!

Tekst, film og foto: Kristin Myrmel