TORA til Hilmar X

Tora Dahle Aagård

TORA er eit fyrverkeri av et band med 25 år gamle gitarist og vokalist Tora Dahle Aagård i spissen. Dei kjem til Hilmarfestivalen 2019, til konserten Hilmar X!

Ho har gjort seg bemerka høgt og lågt med sin unike energi og leikne musikalitet. Musikken befinn seg i eit bluesinspirert pop-rock-landskap.

I februar 2019 slapp TORA sitt debutalbum TORA. Dagbladet omtalte det som ein «Lovende debut fra ny, kvinnelig gitarhelt», medan Adresseavisa meldte at «Tora er i ferd med å finne et særegent uttrykk, samtidig som de behersker moder-sjangeren. Unge, flinke og utforskende musikere, frontet av en dyktig vokalist som har noe ekstra ved seg, bør være musikk i blueselskernes, og mange andres, ører.»

Frontfigur Tora Dahle Aagård er ei dame i vinden: Hausten 2018 skreiv ho historie då ho som første kvinnelege gitarist fekk en sponsoravtale med den britiske gitarprodusenten Chapman Guitars.

I januar 2019 var Tora gjestegitarist for Frode Alnæs i Asker Kulturhus, og i februar og mars vart ho invitert av Trygve Skaug som gjestegitarist på hans Norgesturné etter at han oppdaga henne på Instagram!

Tora deltok i mars i NRK sitt populære musikkprogram Beat for Beat. Seinare samme månad spelte ho på Larvik Gitarfestival, kor ho “jamma” med gitarlegendar som Paul Gilbert og Jennifer Batten!

I sommar kjem TORA både til Trondheim og Bergen, samt ei rekkje bluesfestivalar og klubber – i tillegg skal dei varme opp for Hellbillies på eit par av sommarens konserter.

Bandet TORA vart danna i Flatanger i Trøndelag i 2011. De har utgitt to EP’er, hvorav flere av låtene spilles jevnlig på radio. TORA har mellom anna spelt på Øyafestivalen, Blues in Hell, Storåsfestivalen samt Herr Nilsen i Oslo. I 2016 ga bandet ut sin andre EP Change of Scenery. Den toppa albumlista på iTunes og fekk gode kritikkar. Låta They Say vart brukt i sesongpremieren av NRK-serien Unge Lovende i 2017.

Bandet består i dag av Tora Dahle Aagård (gitar og vokal), Isak Seltveit (bass), Guri Tranås (kor), Andreas Dahle Aagård (gitar) og Magnus Galguften (trommer). Dei fleste låtane er skreven av Tora sjølv, nokre i samarbeid med Andreas Dahle Aagård.

Konserten HILMAR X har fokus på særs dyktige kvinnelege musikarar og artistar – dette vert ein konsert du ikkje vil gå glipp av!

BILLETTER KJØPER DU HER!