Midtvinterdansen 2020

Sirkel Foto - To Damer To Herrer

MIDTVINTERDANSEN 7. – 9. februar 2020, VERDAL

Midtvinterdansen er ein tradisjonsrik folkemusikk-festival for barn og unge. 

MVD blir arrangert kvart år medio februar i Verdal, Trøndelag.

MVD består av kurs, konsertar og sosialt samvær.

Kursdelen er primært for fele, men det blir gitt undervisning på cello, bratsj, gitar, bass, trekkspell og tangent. Alle kursdeltakarane får undervisning i song og dans. Blås er også velkommen, men det blir ikkje gitt undervisning på blås.

Fredag 7.2 kl. 20:00 spelar GRAS konsert i Aulaen på Verdal VGS.

Laurdag 8.2 kl. 19:00 blir det konsert med søstrene Hemsing og brødrene Larsen samme stad.

Etter denne konserten blir det dansefest med lokale spellmenn, under leiing av Einar Olav, Gjermund og Dag Ståle Larsen.

Søndag 9.2 kl. 13:00 blir det FOLKEMUSIKK-GALLA/ avslutningskonsert med musikk og song, mellom andre av MGP junior deltakar ALFRED.

MIDTVINTERDANSEN har kvart år 250-300 deltakarar  –  dei fleste frå Midt-Noreg, men har alltid deltakarar frå Sverige (ca. 50 dei siste åra), ofte frå Finland, dei siste åra også frå Danmark  –  og har og hatt grupper og instruktørar frå Latvia, Estland  og Tyskland.

MVD har ca. 30 instruktørar /artistar frå dei respektive landa. 

LES MEIR OM FESTIVALEN – OG BILLETTKJØP – HER