HILMAR UNG: DANS OG SPELL I NOVEMBER!

HILMARUNG

HELGA 6. – 8. NOVEMBER 2020 går årets HILMAR UNG av stabelen, under årets Hilmarfestival!

Nytt av året er at det også vert ei samling for unge musikarar – i TILLEGG til dansarar. Du kan lese meir om spelekurset her!

Når det gjeld dansinga, vert det dei same instruktørane som i fjor – PETTER OG ÅSHILD!

Folkedansmiljøet har mange unge dansarar rundt om i landet – men SJØLVSAGT er der plass til fleire! Kven veit, kanskje vert du DANSEFORELSKA under Hilmarfestivalen i år?

På Hilmar:UNG lagar vi ein møteplass for ungdomar på tvers av organisasjonar og geografi. Her skal ein bli kjend med kvarandre, på kurs med supre instruktørar. Innimellom får ein også festivalopplevingar på Hilmarfestivalen.

Åshild Riiber og Petter Johansson er årets instruktører.

Når starta de med folkedans?

Vi har begge vakse opp i folkedansfamiliar i Norge og Sverige. Vi har trivast så godt i miljøet at vi har halde fram med å danse.

Kva er den viktigaste jobben de gjer, som instruktørar?

Vi vil inspirere, bidra til utvikling, god gruppedynamikk og meistring. Vi ønskjer at når helga er over, så har deltakarane lyst til å danse meir,  og dei har òg fått nokre nye vener.

Gler de dykk til å komme til Steinkjer i november?

JA! Vi gler oss til å møte nye åpne og utforskande dansarar.

Dette seier Petter om Åshild:

Åshild har lang erfaring som dansar, både på dansegolvet og i framsyningar. Gjennom instruktørkurs har hun vært engasjert som danselærar for born og unge.

Hennar fremste eigenskap som instruktør er å sjå både den einskilde og å lese hele gruppa. Med god kunnskap om dansetradisjonar og danseteknikk, kan hun bruke ei rekkje elementar til improvisasjon og variasjon i dansen.

Dette seier Åshild om Petter:

Petter er så god til å danse at eg fekk ein skikkelig danseforelskelse første gong vi dansa!

Dansen har ført Petter rundt om i Europa og USA, både med danseforestillingar og som instruktør i dans. Han synast det er så moro å danse at han òg har studert folkedans. Han er i sitt ess når han kan improvisere på dansegulvet til god musikk.

HILMAR UNG startar fredag 6.11 – timeplan (og lenke til påmelding) kjem snart!

Hilmar:UNG – En møteplass av de sjeldne!

På Hilmar:UNG lagar vi ein møteplass for ungdom på tvers av organisasjonar og geografi. Her skal ein bli kjende med kvarandre på kurs med supre instruktørar.

Kurset blir arrangert Koronatrygt, og deltakarane overnattar på Grand hotell.

Innimellom får ein også festivalopplevingar på Hilmarfestivalen.

Målgruppe: 14 – 26 år

 

KLIKK HER FOR PÅMELDINGSINFORMASJON OM DANSEKURSET

 

 

Det blir óg MUSIKK-KURS under årets HilmarUNG – LES MEIR HER