Minneord Erik Bartnes

Skjermbilde 2020-09-28 kl. 08.01.01

Minneord
Tidlegare leiar i Stiftinga Hilmar Alexandersen Erik Bartnes, gikk bort laurdag 26.8.2020, 80 år gammel.
Erik var samfunnsengasjert gjennom alle dei 80 åra, fødd som han var inn i eit politisk miljø og ein politisk familie. Sjølv var han mange år både ordførar i Steinkjer og deretter Nord-Trøndelag fylkeskommune. Han hadde tallause andre verv både lokalt, regionalt og nasjonalt, og stod på og kjempa for det han meinte var rett og riktig.

Lokalsamfunnet og den lokale kulturen stod Erik Bartnes sitt hjarte nær, og Stiftinga Hilmar Alexandersen kunne ikkje fått ein betre styreleiar da han takka ja til vervet i 2008 – eit verv han hadde til 2014. Han løfta Stiftinga opp og fram, og det var også under hans leiing at Hilmar AS vart starta som heileigd dotterselskap av Stiftinga i 2011. Der var han også styreleiar fram til 2014.

Utgangspunktet hans var ei interesse for den lokale kulturen og kunsten – og han hadde sjølv opplevd Hilmar Alexandersen i fri dressur. For Erik Bartnes var det viktig å framheve den lokale kulturarven Hilmar var eit symbol på og sto fram som ein framifrå bærar av. For Bartnes var det viktig at lokalkulturen stod fram som samfunnsomspennande og kvalitativt god. Det ligg ein eigen kvalitet i det nære og personlege som alle menneske har bruk for. Om ein tek tak i denne immaterielle kulturarven og arbeider med han, så rommar det lokale det universelle – i detaljane ligg verda.

Personleg har eg mye å takke Erik Bartnes for. Han lærte meg mye om både administrasjon, kultur, historie og tolmod blanda med stå-på-vilje. Han hadde eit enormt kontaktnett og hadde strategisk kløkt og visdom. Han visste korleis å få det beste ut av folk, og få dei svara han ville ha. Vi var på mange turar saman, og kjøreturane fram og tilbake frå flyplassen eller til Trondheim var interessante historieleksjonar for meg. Han la for dagen innsikt i samfunnsstrukturar i samfunnet som var både interessante og nyttige.
Erik Bartnes var genuint nysgjerrig, og hadde stadig på den tida han var leiar i Stiftinga energien og gløden til ein ungdom.
Vi lyser fred over Erik Bartnes sitt gode minne.

Johan Einar Bjerkem