Vegar Vårdal tildeles Hilmarprisen 2020

Fotograf Ingvil S. Ljones

Fotograf Ingvil S. Ljones

Vinnar av Hilmar Alexandersen musikkpris 2020 er musikaren, dansaren, komponisten og pedagogen Vegar Vårdal (Vågå).

Vegar Vårdal bur i Vågå i Gudbrandsdalen, men har heile landet, og verda som arbeidsplass. Han vaks opp i Oslo, men har etter faren sin mye tradisjonsstoff frå Nord-Norge (Lofoten og Vesterålen) og Sør-Norge (Agder). Han vaks opp i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo, og lærte der å danse og å spele til dans. Denne todelinga har følgt Vegar Vårdal gjennom livet seinare. Gjennom dette miljøet og miljøet i Noregs Ungdomslag vart han kjent med mange former for norsk folkemusikk og folkedans. Alt frå turdans og runddans til bygdedans og sving.

Vegar er utdanna ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, der han hadde professor Sven Nyhus som læremeister. Han hadde vanleg fele og hardingfele som hovudinstrument, og hadde ein master som såg på koplinga dans og musikk. Han tok og pedagogisk utdanning ved same institusjon nokre år seinare.  

Vegar Vårdal er ein energisk og leiken musikar og pedagog, og det er mange som har fått a-ha-opplevingar med han som instruktør. Han starta og stod fagleg ansvarleg gjennom fleire år for universitetsstudiet «Norsk Folkelig Dans» ved NTNU i samarbeid med Studieforbundet kultur og tradisjon og Noregs Ungdomslag. I tillegg har han vore lærar mange år no på landslinja i folkemusikk i Vinstra på vidaregåande nivå. Han har også undervist ved fleire andre universitet og høgskolar i Noreg og Norden.

Han står bak mange komposisjonar, både i tradisjonell stil for solo fele, for duoar, trioar og ulike konstellasjonar – heilt opp til store ensemble med både orkester og kor. Nemnast spesielt kan verket Han var hoga heim urframført i 2019. Verket var eit bestillingsverk til Landskappleiken og var basert på sagnet «Jutul´n & Blessomen». Her var 150 aktørar på scenen, med mellom anna med to spelemannslag, kor, brassband og solistar. Verket vart framført i Vågåhallen og strømma på NRK.

Vegar Vårdal har stått bak og vore med på og gitt ut over 40 plater / CD-ar, og har skrive fleire artiklar innanfor fagfeltet folkekultur.

Han er ein av svært få som er A-klasseutøvar i både dans og musikk på Landskappleiken. Vegar Vårdal har også vunne fleire prisar, og til liks med Hilmar Alexandersen har han også fått tildelt Feleknappen i Gull frå Noregs Ungdomslag.

Folkemusikaren, dansaren, spellmannen, artisten, komponisten og pedagogen Vegar Vårdal er ein svært verdig vinnar av Hilmarprisen 2020.