Spellmannsmønstring – spell og dans på Hilmarfestivalen 2021

IMG_1576 (2)

I år vert det Hilmarfestival!

Og det vert spellmannsmønstring – spell og dans! Og det er no vedteke at samfunnet vert åpna opp, så da kan folk danse heilt fritt med kven dei vil! Så – no har vi den store gleda å invitere alle spellmannslag, gamaldansgrupper, trekkspillklubber, toradergrupper, og andre samansetjingar HJARTELEG velkomne – i år, som tidlegare år! Vi inviterer til Spellmannsmønstring – spell og dans fredag 12. november kl. 19.30 – 24.00, som starter med Hilmarkonserten med Torfinn Hofstad og P.A. Røstads orkester kl 18.00. Og laurdag 13. november kl. 20.00 – 24.00, der Hilmartalentkonserten med Synnøve Brøndbo Plassen og Gjermund Larsen er tidlegare same kveld før mønstringa.

Beklager, skjemaet er ikke lengre tilgjengelig.

 (frist: måndag 25. oktober)

 

Spellmannsmønstring – spell og dans er ein viktig del av Hilmarfestivalen, og vi håper mange av dykk
vil spele opp til dans i Festsalen i det nyoppussa samfunnshuset i Steinkjer. Gjennomføringa av
arrangementet er eit samarbeid mellom Hilmarfestivalen og BUL Steinkjer.


Kontaktpersonar:
Hilmarfestivalen, Astrid Skogseth ([email protected] – telefon: 406 17 590)
BUL Steinkjer. Julie Oksås ([email protected] – telefon: 952 88 229)
Arrangementsansvarleg, Einar Olav Larsen ([email protected] – telefon: 918 05 123)