Tuva Syvertsen tildelt Hilmarprisen 2021

IMG_1937

Vinnar av Hilmar Alexandersen musikkpris 2021 er musikaren og songaren Tuva Syvertsen. – Ein nyskapande, grenseseprengjande og samtidsorientert kunstnar, seier juryen. 

Tuva Syvertsen maktar å nyskape tradisjonsmusikken. Ho står trygt i fleire tradisjonar, men legg nye botnar til uttrykket, som vedkjem dei som høyrer på. Ho har vist seg som ein stor kunstnar på mange plan, også gjennom mange opptrednar i media. Ho nytolkar tradisjonsmusikken, og hennar måte å gjere han relevant for samtida kan stå som eit førebilete for andre.  

Syvertsen kjem frå Oslo, ikkje nett hardingfelas kjerneområde. Det er heller ikkje Trøndelag. Likevel står både Syvertsen og Hilmar Alexandersen fram som store kunstnarar på dette særeigne norske instrumentet. Som Alexandersen maktar også Syvertsen å uttrykke seg i fleire sjangrar, og dermed nå ut til fleire enn det vanlege folkemusikkpublikummet.

Juryen vektlegg også at Tuva Syvertsen har eit stort hjarte for å hjelpe både sjangeren og andre opp og fram. Mellom anna imponerte ho som mentor gjennom to år for Helga Myhr, det første «Hilmartalentet». Ho var også produsent for Helga si soloplate. 

Tuva Livsdatter Syvertsen (f. 1983) er noko så eksotisk som ein folkemusikar frå Oslo. Ho kom tidleg med i Bærum Spellemannslag og lærte å spele hardingfele  av Halvard Kvåle. Her møtte ho også sine seinare medmusikantar i Valkyrien Allstars: Ola Hilmen og Erik Sollid. Det var med denne gruppa Tuva først vart kjent, og så seint som i 2020 vann gruppa Spellemannsprisen for albumet «Slutte å byne».

Tuva Syvertsen står samstundes trygt på eigne bein som solokunstnar og artist. Ho vart kjent for eit svært breitt publikum da ho nådde finalen i Stjernekamp på NRK i 2012. Ho synte det norske folket at  folkemusikarar  held eit minst like høgt profesjonelt nivå som utøvarar frå andre og meir kommersielle sjangrar. 

Folkemusikaren og artisten Tuva Syvertsen klarer i sine tolkingar av nyare musikk å gjere denne til sin eigen med eit tydeleg folkemusikk-uttrykk. Ho er ein svært verdig vinnar av Hilmarprisen 2021

Utdeling 

Prisen vart overrekt laurdag 13. november klokka 21.00 under  årets Hilmarfestival på Steinkjer. 

 Tidlegare vinnarar av Hilmarprisen:

Susanne Lundeng 1991, Knut Hamre 1992, Leif Inge Schjølberg 1993, Hans Brimi 1995, Sven Nyhus 1999, Petter Andreas Røstad sen. kvartett 2003, Geir Egil Larsen 2004, Majorstuen 2005, Annbjørg Lien 2006, Knut Buen 2007, Gunnar Stubseid 2008, Martin Myhr 2009, Kirsten Bråten Berg 2010, Einar Olav Larsen 2011, Sigrid Moldestad 2012, Arne M. Sølvberg 2013, Gjermund Larsen 2014, Frode Fjellheim 2015, Steinar Ofsdal 2016, Ingebjørg Bratland 2017, Ragnhild Hemsing 2018, John Pål Inderberg 2019 og Vegar Vårdal 2020.



Hilmar Alexandersen 

Prisen blir delt ut til minne om den store spellmannen Hilmar Alexandersen (1902 – 1993)

 

Juryen

I juryen sitt Anders Skaugen (for Trøndelag fylkeskommune,) Svein Kåre Haugen (for Steinkjer kommune) og leiar Geir Egil Larsen (Stiftinga Hilmar Alexandersen). Sekretær for juryen: Johan Einar Bjerkem, 92 84 05 53 – johan.einar@hilmarfestivalen.no

 

Statuttane

I statuttane står det mellom anna: «Prisen er en nasjonal hedersbevisning og kan gis til aktuelle kandidater fra hele landet. Prisen kan gis utøvere som har vist spesielle evner i framførelsen av norsk tradisjonsmusikk, eller til personer som har skapt ny musikk innen denne genre. Prisen kan også gis for fremragende innsats for å øke kunnskapen om, og for å formidle slik musikk til befolkningen i landet».