Vi søker Festivalsjef for Hilmarfestivalen i 100 % stilling
Vår noverande festivalsjef går over til å vere dagleg leiar i dotterselskapet Hilmar AS og skal etter årets festival og byrje på ein Ph.D. om teater som verktøy i helsesektoren. Vi er i vekst og søker derfor etter ein festivalsjef i 100 % stilling for snarleg oppstart. Stillinga blir i første omgang lyst ut for ein treårsperiode med mulegheit for forlenging.
Du får ansvaret for å
- Leie festivalorganisasjonen, med heile frivilligapparatet og programrådet
- Forhandle med artistar, management og arrangørstader; inngå kontraktar
- Relasjonsutvikling overfor sponsorar og andre interessentar
- Jobbe med omdømmebygging, marknadsføring, mediekontakt, PR og salg
- Samarbeide med nasjonale og internasjonale miljø innanfor immateriell kulturarv og kunst
- Arbeide året rundt saman med dei andre tilsette med arrangementsutvikling og prosjekt
Vi ønsker at du har:
- Leiarerfaring, gjerne frå ein prosjektorganisasjon og frå arbeid med frivillige
- Erfaring, utdanning og nettverk frå tradisjonskultur- og / eller musikksektoren
- Erfaring med gjennomføring av festival, større event eller konsertar
- Forhandlingserfaring
- Erfaring med sponsorarbeid
- Kjennskap til folkedans og / eller folkemusikk
- God økonomiforståing og gode kommunikasjonsevner
Om arbeidsgivaren
Hilmarfestivalen starta opp i 2003, og gjennom ca. 70 – 90 arrangement i veke 45 får mellom 10 000 – 12 000 publikummarar oppleve folkemusikk og beslekta musikkformer – samt møte dans, litteratur, forteljing, kunst og mat. Dette blir gjort muleg av ein stab på seks og over 100 frivillige. Vi er ein av dei store kulturarvs- og folkemusikkfestivalane i landet, og har også arrangement året gjennom.
Det er den allmennyttige Stiftinga Hilmar Alexandersen som vart starta opp i 2005 som står bak og eig festivalen. Stiftinga har 17 grunnfondsinnskytarar basert lokalt, regionalt og nasjonalt. Stiftinga har som formål å arbeide for immateriell kulturarv og kultur og næring, samt arrangere festivalen og andre arrangement året rundt. Stiftinga er også Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans (MSFF), vi driv Hilmarscena og HilmArt og er eigar av Hilmar AS.
Vi er koordinator for Fortellernettverket TALE med over 20 organisasjonar, og er involvert i fleire internasjonale prosjekt.
Vi skal vere med og utvikle Steinkjer og regionen, og har ambisjonar om å visast betre som nasjonal aktør. No i 2023 flyttar vi inn i det nye kulturhuset i Steinkjer saman med andre kulturinstitusjonar og vil få nye moderne fasilitetar å produsere i.
Har du spørsmål, kan du kontakte noverande festivalsjef Astrid Skogseth (406 17 590), dagleg leiar Johan Einar Bjerkem (92 84 05 53) eller styreleiar Turid Hofstad (480 41 342).
Stillinga er 100 %. Det kan vere aktuelt å dele stillinga i prosentstillingar. Lønn etter avtale.
Søknadsfrist: 5. mai 2023. Send søknad med CV til [email protected]