Lysvandringa 2023 – invitasjon til å bidra med tablå under Hilmarfestivalen 8. november

2022-nov-10-Hilmarfestivalen-lysvandring-VENNSKAP-10

I år åpner Hilmarfestivalen onsdag 8. november med lysvandring med fakkeltog og lysende lanterner. Så no inviterer vi deg eller laget ditt til å være med vise fram mangfaldet vi har av kultur i regionen.  Driv de med dans, song, musikk, teater, revy, eller idrett  – kom og vis det fram kva de driv med i eit tablå. Vi har mange kulturer og kulturuttrykk, historie, ulike folkedrakter – kom og del. Tema for årets Hilmarfestival er “vilje til å skape”, noko vi veit at de alle er. I fjor var det flotte tablå, mange av dykk delok, og dei som gjekk i fakkeltoget vart både overraska og veldig inspirert og glad over å oppleve kor mykje flott kultur vi har i Steinkjer. Vi håper på like gode innslag i år. Blir du med?

I fjor hadde vi for første gong besøk av Thingumajic Theatre og magiske, gigantiske reinsdyr. Og vi hadde verskteder der vi bygde lanterner. Også i år har vi fått støtte fra Kulturdirektoratet til å invitere disse dyktige lanternebyggerne, og vi skal bygge våre egne reinsdyr (annerledes enn de som deltok i fjor). Håper og tror at dere vil være en del av denne opplevelsen. 

Publikum blir invitert til å gå i fakkeltog denne mørke novemberkvelden, møte andre menneske,  og oppleve din kultur og ditt kulturuttrykk på vegen til sentrum i Steinkjer med alle dei fine butikkvindauga og Torget framom Samfunnshuset og det nye kulturhuset; Det er meir som eit vandreteater med mange små episodar og bilder undervegs. Vil du være med og lage eit tablå, ein episode som folk kan oppleve? Vi har plass til 20- 25  tablå.

Påmelding til å delta med tablå (episodar) under lysvandringa, frist: mandag 30. oktober

Lysvandringa
Den starter frå AMFI onsdag 8. november kl. 17.00 og ender opp på Torget i Steinkjer kl. 17.30. Vi lager eit kart der de som tablå blir plassert. De står der frå ca. kl. 16.55 – 17.30. Etter kvart som alle har passert, så heng de dykk på lysvandringa og alle samlar seg på Torget for ei felle oppleving der med konsert og lyskunst. Handfaklar vil bli utdelt utanfor AMFI både til dei som skal gå i fakkeltoget/lysvandringa og dykk i tablåa. Vi vil plassere ut lyskastarar til tablåa der det er for lite lys. Når folk går i fakkeltog, så vil dei oppleve det de framfører heilt kort, så de kan gjerne synge/vise fram det same mange gonger. Tusen menneske vil passerer dykk i løpet av en halvtime. Her er det ein flott anledning til å marknadsføre eige teater, kor, prosjekt, organisasjon osv. vi vil gjerne at alle har ein plakat der det står kven de representerer. Om de treng hjelp til å ordne det så sei i frå (mange har jo plakatar, roll-ups, sa bruker de det).

Gratis konsert og lyskunst på Torget
Lysvandringa avsluttes med ei felles oppleving på Torget. Da samlast vi alle der og stiller opp på tildelt plass, så vert dei kulturoppleving frå kl. 18.00 – 18.20. Terje Tranaas er Hilmar sin eigen produsent her, og produserer i lag med Steinkjer kulturskole denne flotte konserten. Og vi er har vi fått med oss ein verdskjent lysdesigner, Lars Kristian Mathisen til å designe eit lysshow. Kulturskolen i Steinkjer og komiteen for lysvandringa har som mål til å lage ei sterk oppleving. Og alle de som er med i tablå ønskjer vi skal vere ein del av dette.

Danseutbrudd på AMFI
Før lysvandringa tek til, så vert det eit danseutbrudd inne ved hovudinngangen på AMFI. Dansen er laga av koreograf og danselærer Mari Angell-Pettersen Grønnesby. I år vert det og dans av elevar frå Inderøy vgs. og Kulturskolen i Steinkjer. Når dansen er ferdig, vert alle oppfordra til å bli med på lysvandring. De som vil vere med og danse og samtidig skal vere på tablå rekk det når de spring på plass til tablå med ein gong åpningstalane er ferdig.

Påmelding til å delta med tablå (episodar) under lysvandringa: mandag 30. oktober

Varm takk
Som ein symbolsk takk, ønskjer vi å tilby kvart tablå som deltek eitt gratis festivalpass som de kan bruke til premie eller liknande. Merk av om de ønskjer det ved påmelding, det vert da reservert på namnet i påmeldinga, og kan hentast på festivalkontoret. Sjå heile programmet på www.hilmarfestivalen.no

I år organiserer vi Lysvandringa i samarbeid med turgruppa i Røde Kors, NTE, Sparebanken SMN, AMFI, Kulturskolen i Steinkjer, Gjensidigestifltelsen og mange frivillige og mange gode medhjelparar. Ta kontakt om det er noko som de lurer på.

Helsing Lysvandringskomiteen
Tore Strugstad (leiar for komiteen, 936 92 603). De kan og ta kontakt med festivalsjef Astrid Skogseth (406 17 590).