Vinnar av Hilmar Alexandersen musikkpris 2024 er musikaren, arrangøren komponisten og pedagogen Henning Sommerro.

Fotograf: Alexander Khatiskatsi

Henning Sommerro er ein nestor innanfor norsk musikkliv, og har vore på Hilmarfestivalen fleire gonger. I statuttane står det: «Prisen er en nasjonal hedersbevisning og kan gis til aktuelle kandidater fra hele landet. Prisen kan gis utøvere som har vist spesielle evner i framførelsen av norsk tradisjonsmusikk, eller til personer som har skapt ny musikk innen denne genren. Prisen kan også gis for fremragende innsats for å øke kunnskapen om, og for å formidle slik musikk til befolkningen i landet. Prisen kan også gis til personer som har gjort en spesiell innsats for å gjøre norsk tradisjonsmusikk eller folkemusikk kjent i utlandet.»

Henning Sommerro, som er professor i musikk ved NTNU, svarer ut alle desse kriteria. Han vart landkjent da han gav ut plata Vårsøg i 1977 med tekstar av Hans Hyldbakk. Året etter fekk han den første av mange Spelmannsprisar .

Sommerro har sett store spor etter seg som komponist, ofte med utgangspunkt i folkemusikk, og han har tidlegare også mellom anna laga eit bestillingsverk for Hilmarfestivalen. Han har også komponert opera, gitt ut mange plater og vore deltakar på enda fleire.

Trass sitt daglege arbeid som professor og profesjonell musikar har han heile tida halde kontakt med grasrota, og på Innherred er han ein ynda akkompagnatør til allsongkveldar – også det har han bidratt med på Hilmarfestivalen fleire år.

Henning Sommerro har gitt ut fleire samlingar med norsk folkemusikk, først og fremst frå Romsdal og Nordmøre.

Saman med Ola Bræin har han også gitt ut Edvard Bræin si store samling av folkemusikk i tre bind: Nu rinner sola opp (1990), La stemma di klinge (2006) og Nordmørstoner (2013).

Sommerro kjem og tar i mot prisen på Hilmarfestivalen på Steinkjer laurdag 9. november på konserten til Poing der han også vil opptre med eit nummer frå plata Levva Livet av Henning Sommerro.

Tidligere vinnarar av Hilmarprisen:

Susanne Lundeng 1991, Knut Hamre 1992, Leif Inge Schjølberg 1993, Hans Brimi 1995, Sven Nyhus 1999, Petter Andreas Røstad sen. kvartett 2003, Geir Egil Larsen 2004, Majorstuen 2005, Annbjørg Lien 2006, Knut Buen 2007, Gunnar Stubseid 2008, Martin Myhr 2009, Kirsten Bråten Berg 2010, Einar Olav Larsen 2011, Sigrid Moldestad 2012, Arne M. Sølvberg 2013, Gjermund Larsen 2014, Frode Fjellheim 2015, Steinar Ofsdal 2016, Ingebjørg Bratland 2017, Ragnhild Hemsing 2018, John Pål Inderberg 2019, Vegar Vårdal 2020, Tuva Syvertsen 2021, Marja Mortensson,2022 og Berit Opheim 2023

Prisutdeling

Prisutdelingen skjer under Hilmarfestivalen lørdag 9. november i hovedscenen i Steinkjer Kulturhus, som en del av konserten POING spiller Levva Livet. Der bidrar Henning Sommerro med sin versjon av låta Eldorado.

Hilmar Alexandersen

Prisen blir delt ut til minne om den store spellmannen Hilmar Alexandersen (1902 – 1993): https://hilmarfestivalen.no/om-hilmar/

Juryen

Anders Skaugen for Trøndelag fylkeskommune, Svein Kåre Haugen for Steinkjer kommune og Geir Egil Larsen (leiar) – Stiftinga Hilmar Alexandersen

Sekretær for juryen: Johan Einar Bjerkem, 92 84 05 53 – johan.einar@hilmarfestivalen.no

Foto, fotograf: Alexander Khatiskatsi