
Dette er et forprosjekt under arbeid høsten 2024. Materialet som produseres under forprosjektet blir publisert seinere. Utdrag fra materialet ble publisert under Hilmarfestivalen 2024, i forbindelse med prosjektpresentasjon 7. november. Forprosjektet har samla fem djupintervju:
● 1 primærkjelde i tydinga ein musikar som har personleg erfaring frå livet som reisande, med oppleving av musikktradisjonar blant reisande. Lasse Johansen levde som barn som reisande, men har vore fastbuande frå omlag 14 års alder.
● 1 primærkjelde i tydinga ein musikar av reisande slekt, med personleg erfaring frå livet i overgangen frå reisande til fastbuande. Åge Aleksandersen er tredje generasjon etter at slekta slutta å reise. Der er mange musikarar i slekta, men med unntak av tatervisene har han inga tydeleg definisjon av “dei reisandes musikk”
● 2 musikarar med erfaring frå samarbeid med andre som har tilknytting til reisande slekter og reisande tradisjonar. Tommy johansen har arbeidd mykje med taterviser og Geir Egil Larsen har arbeidd mykje saman med Hilmar Aleksandersen og andre.
● 1 forskar med personleg erfaring frå levd liv i nærkontakt med reisandes musikktradisjonar. Mary Bartelemy har i tillegg eit stort nettverk også internasjonalt, og er truleg den i dag som har best oversyn over publisert materiale om reisandes musikktradisjon.