Da har det tikka inn meldingar om at Stiftinga Hilmar Alexandersen gjennom budsjettforliket i Stortinget har fått 600 000,- meir i driftsstøtte per år til arbeidet vårt for og med tradisjonskultur og kultur og næring. Takka vere at Bjørn Arild Gram frå sin nøkkelposisjon på Stortinget fremma forslaget i forhandlingane, så blir det no meir pengar til både generasjonsarbeid og barne og ungdomsarbeid. I tillegg vart det ein fin komitemerknad som slår fast at Stiftinga Hilmar Alexandersen har tatt en viktig posisjon i arbeidet for immateriell kulturarv som styrker arbeidet med auka beredskap og demokrati i dei midtnordiske områda. Vi skal styrke arbeidet med både folkemusikk og folkedans og anna god aktivitet som held bygder og lokalsamfunn i gang. Vi gler oss allereie til neste år, og ønsker alle på og utanfor Stortinget også God Jul og Godt Nytt År! 🎅🎄